Satsing på høgare utdanning i distrikta er eitt av dei mest vellykka distriktspolitiske grepa dei siste 50 åra. Skal distrikta klare å møte utfordringane dei neste 50 åra, må denne satsinga styrkast – ikkje svekkast.

Sjølv om Norge har eit meir desentralisert utdanningstilbod enn mange andre, går framleis straumen mot sentrale strok.

Klarer vi ikkje å bremse den, vil det gi oss store problem om få år.

Distrikts-Norge står framfor svært store utfordringar dei næraste tiåra. Det skjer ei kraftig aldring av befolkninga, og denne bølga slår først og sterkast inn over distriktskommunane. Altså dei fleste norske kommunar.

På kysten mellom Bergen og Trondheim er det berre sentrale område rundt Ålesund sentrum som unngår den merkelappen ifølgje Statistisk sentralbyrå. I praksis er Ålesund så tett samanvove med sitt omland, at Jugendbyen også er i same båt.

Tilgang på kompetanse er ein viktig nøkkel til attraktivitet, til å kunne levere gode offentlege tenester til innbyggjarane og til å sikre næringslivet si konkurranse- og utviklingskraft. Kort sagt: Taper distrikta i konkurransen om kompetansen, ser det mørkt ut.

Det vil forsterke sentraliseringa, og det vil forsterke forgubbinga av distrikts-Norge.

Trass satsinga på eit desentralisert høgskuletilbod i Norge dei siste 50 åra, ser vi at kompetansegapet mellom distrikt og sentrale strok framleis er stort og aukar. I Oslo har nær 50 prosent av mennene og endå fleire av kvinnene høgare utdanning. Det er milevidt meir enn i distrikta.

Utdanningstilbodet i ein region er avgjerande for rekrutteringa.

Det er vanskelegare å lokke tilbake dei som reiser til storbyen for å ta utdanning enn det er å behalde dei som tek utdanning i regionen dei høyrer til. Vi ser i dag tydeleg korleis næringsliv og offentleg sektor i dei store universitetsbyane er vinnarar i jakta på kompetansen.

Regionale utdanningstilbod og forskingsmiljø på si side gjere at kunnskapsbedrifter lettare etablerer seg i ein region, nettopp fordi det der er lettare å nå tak og vidareutvikle kompetanse – også gjennom etter- og vidareutdanningstilbod.

Difor er dette eit svært viktig distriktspolitisk verkemiddel, også i dag.

Både landsmøtet i Arbeidarpartiet og regjeringa lovar no sterkare satsing på desentralisert utdanning. Spørsmålet er altså i ferd med å klatre opp på den politiske dagsordenen.

No er det viktig at det ikkje ender opp som eit spørsmål.

No trengst det handling – og det raskt.