Eit fleirtal på landsmøtet til Arbeidarpartiet sa før helga nei til å støtte regjeringas forslag til rusreform. Dermed blir det neppe fleirtal i Stortinget, og det er positivt. Det noverande forslaget har alvorlege manglar, som kan gi svært negative konsekvensar.

Hovudtrekka i reforma er at narkotika framleis skal vere forbode, men at oppbevaring av mindre mengder narkotika til eige bruk ikkje lenger skal straffast. Intensjonen er god. Tunge rusavhengige treng behandling og helsehjelp, ikkje straff, og det er eit syn vi deler fullt ut. Problemet med forslaget er at det i for liten grad tek omsyn til det førebyggande arbeidet. Avkriminalisering av brukardosar for alle av alle type stoff kan senke terskelen for bruk av narkotika, og svekke arbeidet med å hjelpe unge brukarar ut av rusen.

Vektige innvendingar mot reforma har kome frå helsesjukepleiarar, politi og foreldregrupper som arbeider for å hindre at unge blir rusmisbrukarar. Avkriminalisering vil av mange bli oppfatta som eit steg på vegen mot legalisering. Ungdom som blir tatt med mindre mengder narkotika får i dag tilbod om å inngå ruskontrakt i staden for straff. Den unge blir følgd opp av helsesjukepleiarar, og forpliktar seg til å halde seg rusfri. Gjennom dette opplegget har mange fått hjelp til å fullføre skulegang, få arbeidstrening og skaffe seg eit rusfritt nettverk. Norge ligg i dag nedst på statistikken for rusbruk mellom skuleungdom i Europa.

Forslaget frå regjeringa går ut på at alle som blir tatt med brukardosar må møte til ein obligatorisk samtale og rådgiving, men vidare oppfølging er frivillig. Personar som ikkje opplever narkotika som problematisk, vil heller ikkje sjå behovet for oppfølging for å endre livsstil. Foreldre og hjelpeapparat mister dermed eit avgjerande verkemiddel for å snu ei negativ utvikling. Det er svært alvorleg.

Behova innan rusfeltet er svært store, både når det gjeld behandling, rehabilitering og ettervern. Det er også behov for å ruste opp skulehelseteneste og andre førebyggande tilbod. Dette kan gjennomførast, utan at lovforslaget om generell avkriminalisering blir vedtatt. Både mellom motstandarar og tilhengarar av rusreforma er det eit sterkt engasjement for dei svakaste i samfunnet. Oppfatningane av kva som må gjerast, er derimot heilt motstridande. Det er ein ulempe at lovforslaget er lagt fram utan stortingsmelding, med drøfting av dei overordna måla. Utgreiing av alternative løysingar manglar.

Helseminister Bent Høie seier til VG at Høgre er villig til å forhandle med AP om rusreforma, og det gir håp om at det er mogleg å kome fram til eit betre forslag. Det er behov for ei sosial reform der målet både er å førebyggje rusmisbruk, og samtidig sikre betre støtte, behandling og hjelp til dei som er rusavhengige.