Regjeringa lanserer om kort tid si nye eksportsatsing, Buisness Norway. Fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) vil ha denne til Ålesund.

Skal det skje, må ho no få solid drahjelp.

Argumenta for Ålesund er mange og gode, men fylkesutvalet i Vestland kjempar for Bergen.

Fiskeri- og næringsdepartementet har alt bestemt at Business Norway skal etablerast utanom Oslo. Pila peikar no mot den eksporttunge kysten i vest. Bergen, Stavanger og Ålesund er dei mest klare alternativa.

Business Norway spring ut av regjeringa sin handlingsplan for eksport. Satsinga skal knyte det offentleg eksportarbeidet tettare til næringslivet og involvere næringslivet betre.

Manglande involvering har vore eitt av dei viktigaste ankepunkta mot dagens ordningar.

Ålesund er eksporthovudstaden i Møre og Romsdal, og Møre og Romsdal er fremste eksportfylket i landet.

Samla eksport frå fylket var i fjor på over 42 milliardar utanom olje og gass. Det er på nivå med Oslo og Viken til saman, meir enn Rogaland og langt over Vestfold og Telemark med det industritunge Grenlands-området som eksportlokomotiv.

Berre Vestland tronar over Møre og Romsdal.

Målt per ansatt i næringslivet er det likevel ingen som kjem i nærleiken. Dette fortel om ein region med stor, samla eksport-kompetanse.

I tillegg tel dei godt etablerte klyngeprogramma, Blue Legasea og Blue Maritime Cluster, i Ålesund sterkt til Jugendbyen sin fordel. Regjeringa har som mål nettopp at Business Norway skal knyte slike klynger tettare opp mot eksportarbeidet.

NTNU Ålesund representerer dessutan eit sterk forsknings- og utdanningsmiljø opp mot dei maritime og marine næringane, to framtidsnæringar for norsk eksportsatsing. Byen har også eit bank- og finansmiljø med god kompetanse på desse næringane.

Sjølv om Business Norway skal jobbe for bedrifter i heile landet, vil ei etablering i Ålesund styrke det samla eksportretta kompetansemiljøet her. Det vil gjere næringslivet i nordvest sterkare, og det vil gjere Buisness Norway sterkare.

Både politikarar og næringsliv engasjerte seg sterkt for å få Eksportfinans ut av Oslo-gryta. I denne saka er ikkje trykket like sterkt. Det burde det ha vore.

Business Norway kjem ikkje til Ålesund av seg sjølv. Eit samla fylkesutval i Vestland er klare på at Bergen må bli valgt.

Regjeringa bør overtydast om at Ålesund er eit betre val.