Sunnmørsposten meiner:

«Klimakrisa tar ikkje pause»

Fossilt: Forbruket av energi frå fossile energikjelder er på full fart på veg tilbake etter korona-pandemien. Her Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen.   Foto: Carina Johansen/NTB scanpix

Leder

Verdsøkonomien er på veg ut av den krisa koronapandemien skapte, og står framfor ein sterk vekst. Veksten er etterlengta, men har ein hake ved seg:

Klimautsleppa vil også stige kraftig.

Utsleppa av drivhusgassar kan raskt bli større enn dei var før pandemien. Stor auke i forbruket av kol er ein av dei viktigaste årsakene.


CO2-utslipp på rask vei oppover

Verdens CO2-utslipp er på rask vei opp igjen etter koronaåret 2020. Utslippene i år vil bli nesten like store som før pandemien, ifølge nye prognoser.


Ifølgje prognosane til Det internasjonale pengefondet (IMF) vil den globale, økonomiske veksten i år bli på seks prosent. Størst vekst blir det i Asia med Kina som det store lokomotivet.

Kinesisk økonomi vil åleine vekse med 8,4 prosent i 2021, ei imponerande innhenting i landet der pandemien råka først.

Isolert sett er dette gode nyheiter.

Utan massive finans- og pengepolitiske krisetiltak, vaksinegjennombrot og smittekamp kunne verda i dag stått framfor ein ny depresjon lik den på 30-talet. Vi kunne fått langvarig, høg arbeidsløyse og stor naud i mange land.


FN: Tiden renner ut for å håndtere klimakrisen

Verden er i ferd med å gå tom for tid til å håndtere klimakrisen, og koronapandemien har ikke bremset klimaendringenes nådeløse framferd, advarer FN.


I staden står vi no framfor det sterkaste oppsvinget i verda på 40 år, rett nok etter den brattaste nedturen på like lang tid.

Hand i hand med den økonomiske veksten går vekst i energiforbruket.

Trass stor satsing på fornybare energikjelder og atomkraft blir resultatet derfor høge utslepp av CO₂.


Erna Solberg åpner for økte utslipp i Norge

Statsminister Erna Solberg (H) åpner for at klimautslippene i kvotepliktig sektor i Norge kan øke i framtida.


Det internasjonale energibyrået (IEA) trur veksten i år vil bli på nær fem prosent. Slik vil storparten av fallet i utslepp i fjor vere innhenta. Kol er framleis den store syndaren.

Forbruket av kol vil i år lande på nivå med toppåret 2014. Størsteparten av denne veksten kjem i Asia med USA som ein god nummer to.

Og slik kan det kome til å halde fram.


Putin, Xi og Solberg invitert til Bidens klimatoppmøte

USAs president Joe Biden inviterer 40 stats- og regjeringssjefer til globalt klimatoppmøte april. Blant dem er Erna Solberg, Vladimir Putin og Xi Jinping.


Når også transportsektoren og europeisk økonomi blir friskmeld, peikar prognosane mot nye utsleppsrekordar.

Klimakrisa tar altså ikkje pause under ein pandemi.

Veksten i verda sitt energibehov pressar oss stadig nærare ei krise som vi i dag berre ser konturane av. Sjølv om det også globalt er stor satsing på fornybare energikjelder, er det altså den svarte energien som veks mest.

I dag deltek statsminister Erna Solberg saman med 40 andre stats- og regjeringssjefar på det digitale klimamøtet president Joe Biden har invitert til. Med dette er USA igjen tilbake i kampen mot klimakrisa.


Medier: Biden vil love klimakutt på minst 50 prosent

President Joe Biden ønsker en kraftig innskjerping av USAs klimamål og vil love et utslippskutt på minst 50 prosent innen 2030, ifølge flere medier.


Her vil vi få nye utsleppsmål frå USA og truleg signal om det same frå Kina.

Slike signal frå verda sine to største utsleppsnasjonar er viktig framfor FN-toppmøtet i Glasgow seinare i år.

Men no må meir merkbare resultat syne seg. Også frå Norge.

Kutta som kom med pandemien blir ikkje varige.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder