Kvar fjerde bonde i grøntnæringa planlegg å redusere produksjonen sin i år. Årsaka er at stengte grenser gjer tilgangen på sesongarbeidarar frå utlandet svært liten.

For den enkeltebonden er dette alvorleg.

Lønnsemd og inntekter til desse bruka vil kunne verte sterkt reduserte. For den norske forbrukaren kan det bety dårlegare tilgang på norske bær, frukt og grønnsaker i butikkhyllene.

Også i fjor var dette kritisk. Strenge karantenereglar og kansellerte flyruter gjorde at bøndene sleit med å skaffe sesongarbeidarane dei trengte. Vanlegvis tar norsk landbruk inn rundt 18.000 gjestearbeidarar frå utlandet i løpet av året, dei fleste i plante- og haustesesongen.

I år kan situasjonen bli endå meir kritisk.

I kampen mot importsmitte har norske styresmakter gjort det endå vanskelegare for gjestearbeidarar å krysse grensa inn til Norge. Stengte grenser og krav om karantene på «koronahotell» møter no bøndene som vil hente arbeidskraft.

For delar av næringa er dette allereie eit akutt problem.

I ei undersøking som er utført for Norges Bondelag seier halvparten av dei spurte at dei må ha arbeidarar på plass allereie før 1. mai. Fram mot første del av sommaren vil endå fleire få vanskar.

Difor hastar det med tiltak.

Landbruksnæringa har sjølv saman med Nav starta arbeidet med å rekruttere norsk arbeidskraft. Bondelaget har blant anna tatt initiativ til å rekruttere elevar på naturbruksskular til sommarjobb i landbruket.

Gardar som treng utanlandsk arbeidskraft kan også søkje unntak, men det er sagt at reglane vil vere strenge.

Regjeringa har også nyleg opna for at utanlandske arbeidstakarar i næringa som allereie er i landet, kan få forlenga arbeidsløyvet.

Når haustesesongen startar for alvor vil likevel dette monne lite. Rekruttering av fleire norske arbeidarar vil vere naudsynt, noko også Bondelaget ynskjer.

Arbeidarpartiet sitt forslag om å påleggje Nav å reise ut på vidaregåande skular og studiestadar for å rekruttere norsk ungdom og drive naudsynt opplæring, er likevel ikkje svaret.

Nav har nok å gjere om dagen, og eit slikt opplegg krev store ressursar.

Ap sin landbrukspolitiske talsperson er «sjokkert» over at forslaget vart nedstemt. I så fall er han lett å sjokkere.

Skal han først la seg sjokkere, bør det ikkje vere at eit så lettbeint forslag får fleirtalet imot seg. Både han og bøndene bør heller la seg forundre over at landbruksministeren har drygd så lenge med å seie kva verktøy ho vil bruke.

No hastar det med klare svar på det.