Norge har ei abortlov som det fram til no i all hovudsak har vore brei politisk semje og ro om. Etter at fleire parti har gått inn for å flytte grensa for sjølvbestemt abort, kan dette no endre seg.

Faren er at vi får ein valkamp med ein polarisert debatt om abortgrenser.

Det bør vi for all del unngå. Ei sak som er så full av vanskelege etiske dilemma nærmar vi oss best med refleksjon, ikkje eit kappløp med lettvinte slagord.

I denne landsmøtevåren har både Arbeidarpartiet, Venstre, MDG, Rødt og SV flagga flytting av grensa for sjølvbestemt abort. Dei tre første til veke 18 i svangerskapet, slik Sverige har.

Rødt og SV vil i praksis ha grensa ved veke 22.

I dagens lov er det sjølvbestemt abort fram til veke 12. Etter det aukar fosteret sitt rettsvern gradvis fram til utgangen av veke 18. Etter dette skal det svært tungtvegande grunnar til.

Nesten alle svangerskapsavbrot skjer før veke 12, dei aller fleste før veke ni.

Etter veke 12 må søknad opp for ei abortnemnd. Her skal faren for alvorleg sjukdom hos barnet og omsynet til mor si helse og livssituasjon vegast mot kvarandre.

Innvendinga mot nemndbehandlinga er at nokre av dei i overkant av 500 kvinnene dette gjeld årleg, opplever den krenkande, og at dei ikkje er sikra likebehandling.

For mange som vil ha flytta grensa for sjølvbestemt abort, veg dette tungt. I tillegg får uansett ni av ti ja.

Kvinner i ein svært vanskeleg livssituasjon skal sjølvsagt ikkje krenkast og sitte att med skuld, skam og avmakt. Då må noko gjerast.

Flytting av grensa for sjølvbestemt abort, er likevel ikkje løysinga.

Først bør ein sjå på nemndene. Det kan gjerast grep som gir betre likebehandling, styrkar kvinna sine rettar og reduserer kjensla av avmakt. Nemndene kan i større grad gjerast til eit samråd, men samtidig sikre ei heilskapleg vurdering.

Spørsmålet om abort vil alltid handle om å vege viktige omsyn mot kvarandre. Om vi har ei grense på sjølvbestemt abort på 12 veker eller på 18 veker, så vil det vere snakk om ei gradering av fosteret sitt rettsvern opp mot omsynet til mor.

Slike etisk vanskelege spørsmål bør ikkje avgjerast eit politisk kappløp om nye abortgrenser.

Vi har i dag ei abortlov som i hovudsak balanserer dei vanskelege omsyna til både kvinna og fosteret sine rettar. Den balansen må vi ta vare på.

SV og Rødt sitt forslag om å flytte grensa til veke 22, tar på ingen måte denne balansen på alvor – korkje i høve til fosteret eller til belastninga det påfører kvinnene.