Bøndene sine organisasjonar la fram sine krav til jordbruksoppgjeret denne veka. Kravet er eitt av dei høgaste dei siste ti åra, og bak det står sinte bønder i opprør.

Vegen fram til semje kan difor bli lang.

Opprørske bønder viser til ei gjennomsnittleg timeløn på 135 krone. Ei heilt flat inntektsutvikling dei siste fem åra, rimar også dårleg med Stortinget sine lovnader om å tette inntektsgapet til andre grupper.

Presset på bondeorganisasjonane er stort. Dei mange bøndene som har samla seg bak «Bondeopprøret» krev solide påslag på inntekta.

Dessutan kjenner dei seg ikkje igjen i tala for inntekt og inntektsutvikling som ligg til grunn for forhandlingane. Dei meiner det står langt dårlegare til med inntektene til den norske bonden enn det Beregningsutvalet har kome fram til.

Dei har også stilt krav om at oppgjeret må ut til uravrøysting.

Akkurat det siste ligg ikkje i planane til Norges bondelag og Norges bonde- og småbrukarlag. Talgrunnlaget frå Beregningsutvalet er heller ikkje til forhandling. Dei er allereie akseptert av partane.

Det hindrar likevel ikkje at opprørarane vil spele ei viktig rolle under forhandlingane.

Norges Bondelag og Norges bonde- og småbrukarlag overleverte sitt krav til staten tysdag. Samla ramme er på litt over 2,1 milliardar, samt eit tillegg på 450 millionar i investeringsstøtte til bønder som må legge om til lausdrift.

Tysdag kjem staten med sitt svar.

Ikkje mykje tyder på at staten og landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) kjem til å stille med spanderbuksene, sjølv i eit valår. Staten sin forhandlar har varsla tøffe tak, og peikar på at Norge framleis står i ei krise under pandemien. Moderate lønsoppgjer så langt i vår vil også bli gitt vekt frå staten si side.

Sjølvsagt må både ord og utspel før forhandlingar tolkast som ein del av ein forhandlingstaktikk.

Ingen treng likevel å bli svært overraska over om dette oppgjeret endar med brot.

Opprørsbøndene føler dei uansett har lite å tape, og under presset frå desse har bøndene sine forhandlarar også mest å tape på å godta eit moderat oppgjer. Å sende oppgjeret til Stortinget i eit valår, kan også gi gevinst – i alle fall på lang sikt.

Distriktspolitikk og distriktsopprør blir ei viktig sak i denne valkampen. Mange veljarar vil ha sterk sympati for bønder på «svelteløn».