Ein ting er å leggje planar og setje seg mål. Ein heilt annan ting er å gjere tiltak og sikre seg verktøya ein treng for å nå måla.

Har ein ikkje det, er planane ikkje mykje å skryte av.

Møre og Romsdal fylkeskommune bør vere svært varsame med sjølvskryt. Fleire av måla i den nye fylkesstrategien for samferdsel er så ambisiøse at det endar med eit planlagt mageplask.

Tysdag skal samferdselsutvalet i Møre og Romsdal handsame ny fylkesstrategi for samferdsel. I juni skal strategien opp i fylkestinget.

Her skal politikarane gjere fylket til «Miljøfylke nummer ein», og fylket må då blant anna bli klimanøytralt før 2030. I tillegg skal forfallet på fylkesvegane stoppast, eller helst skal etterslepet i vedlikehaldet på nær ni milliardar krympast.

Dessutan skal talet på hardt skadde og drepne i trafikken i fylket halverast innan 2030.

Ingen av desse måla trur fylkeskommunedirektøren det er muleg å nå.

Berre for å bremse forfallet på fylkesvegane manglar det opp mot mot 200 millionar årleg. Og skulle dei få desse millionane, vil det berre marginalt slå inn på talet skadde og drepne i trafikken på desse vegane — i alle fall ikkje til ei halvering.

Mangel på pengar, verktøy og realisme står i vegen måloppnåinga.

Ikkje klarer fylket å verte klimanøytralt innan 2030, og vil heller ikkje få all vekst i persontransporten i byane over på gange, sykkel eller kollektivtransport. Berre målet om å kutte 55 prosent av utsleppa innan ikkje-kvotepliktig sektor ser ut til å vere innan rekkevidde.

Dette er alvorleg.

Vedtek politikarane ein fylkesstrategi for samferdsel som det ikkje er realisme i, vil det skade truverdet.

Sjølvsagt bør ein setje seg mål ein må strekkje seg for å nå. Har ein ikkje ambisjonar, får ein lite framgang.

Men fylkeskommunen er ingen idrettsutøvar som håper på medalje.

Fylkeskommunen er ein viktig samfunnsutviklar somo skal bidra til at vi når felles mål, også mål som vi har plikta oss til å nå.

Norge har signert juridisk forpliktande avtalar om klimakutt.

Ambisjonar og mål er lette å ha. Det er konkrete grep for å nå dei som kostar.

For kvar samfunnsaktør som «signerer» på mål dei veit dei ikkje vil nå fordi dei ikkje kan eller vil prioritere det som det kostar å nå dei, tar vi eit nytt steg mot avtalebrot. For kvart nytt slikt steg, skubbar vi rekninga til våre etterkomarar.

Nyleg slo den tyske forfatningsdomstolen fast at det er ulovleg i Tyskland. Planar om kutt i klimautslepp er altså meir enn ei politisk ønskeliste.