Reiselivet er ei av næringane som har fått absolutt mest juling gjennom koronapandemien. Både for dei rundt 170.000 som har sitt levebrød i næringa og for norsk økonomi er det nødvendig å gi den hjelp til ein ny start.

Men det er også naudsynt å tenke nytt. Det var det før pandemien, og er det endå meir no.

Skal norsk reiseliv ta sin del av det grøne skiftet, må det takast drastiske grep raskt.

Torsdag mottok næringsminister Iselin Nybø (V) ein ny nasjonal reiselivsstrategi frå Innovasjon Norge. Strategien er utarbeidd i tett samarbeid med næringa. Her blir det peika på både kortsiktige tiltak for ein kick-start etter pandemien og vegval for varig endring.

Målet er ein vekst i eksportverdien på 20 milliardar fram til 2030, vekst i omsetninga innanlands på like mykje og 43.000 fleire tilsette.

På same tid skal klimaavtrykket frå næringa i Norge, altså tenester og varer som blir kjøpt på reisemålet, kuttast med 50 prosent. Det største kuttet i utslepp må bli på reiser til og frå reisemålet, sidan det utgjer tre fjerdepartar av klimaavtrykket.

Vekst og utsleppskutt er motstridande omsyn.

Difor er dette ein svært ambisiøs strategi. I dag legg utanlandske turistar att 59 milliardar i norsk reiseliv. Vekstmålet dei neste 11 åra ligg omtrent på nivå med snittet for dei føregåande 11, om vi ser bort frå koronaåret 2020.

Utfordringa med å halde oppe ei slik veksttakt, er at veksten vi har hatt dei siste åra er ein del av ein global reiselivsvekst. «Langreiste» turistar og ein kraftig vekst i luftfarten har vore viktige drivarar.

Målt i talet på overnattingar i Norge kjem amerikanarar på ein god tredjeplass, og Kina heilt oppe på ein sjetteplass. Og det er ikkje berre desse som kjem med fly. I tillegg kjem ein stor del av turistane, særleg av dei som kjem til Vestlandet, med ei like miljøutskjelt næring: Cruise.

I strategirapporten er eitt av forslaga til å løyse denne konflikten å prioritere målgrupper med høg verdiskaping og lavt utslepp. Det betyr rike og rause turistar som har reist kort.

I dette reknestykket kjem cruiseturisten svært dårleg ut

Reiselivet opererer i ein fri marknad, og vi kan ikkje bestemme kven som skal få lov til å kome. Men skal vi ta dette på alvor, må vi satse nokså rått på kven vi lokkar gjennom marknadsføring og tilrettelegging.

Skal vi ta denne strategiplanen på alvor, må vi altså kutte kraftig i marknadsføring mot den asiatiske og amerikanske marknaden.

Og vi må slutte å tilretteleggje for fleire cruiseskip på fjorden.