Koronapandemien er ikkje det som tek knekken på kommunane sin økonomi. Drysset av statlege krisemilliardar gjer at dei kjem rimeleg symptomfrie frå krisa.

Det er ikkje det same som at helsa er god.

Mange kommuner skrantar kraftig økonomisk. For dei er det lite trøst å hente i å skulde på pandemien. Ikkje er det særleg meir trøst å hente frå Regjeringa heller.

Tirsdag la regjeringa fram Revidert nasjonalbudsjett saman med kommuneproposisjonen, dokumentet som gir kommunene det første forvarselet om korleis neste år vil bli.

I revidert får kommunene 7,3 milliardar meir i krisestøtte enn det var lagt opp til i statsbudsjettet. Til saman har det då så langt i år vanka 16 koronamilliardar. I tillegg kjem høgre skatteinntekter enn rekna med.

Krisemilliardane skal dekkje meirkostnader og dekkje for inntekter som er tapt som følgje av pandemien.

Stort sett ser dette ut til å treffe dei reelle koronakostnadane i kommunesektoren.

Den kommunale klagesongen har vore sped, og dei førebelse rekneskapstala for koronaåret 2020 syner heller ikkje spor av ei djup krise.

Tvert om vart 2020 eit betre år enn 2019 målt i netto driftsresultat. Kommunane samla har no god margin ned til den magiske grensa på 2,0 prosent som staten reknar som eit minimumsnivå over tid.

Men der er stort strekk i laget.

Spranget frå toppen, der Aukra med sine over 22 prosent i pluss tronar saman med eit godt knippe med kraft- og oppdrettskommuner, og ned til botnen er stor.

Heile 60 kommuner hadde raude tal også i fjor. Her er kommunene i Møre og Romsdal godt representerte, nok til å kunne stille eige fotballag med sine ordførarar.

Blant desse er Rauma, Ålesund, Vestnes, Stranda, Vanylven og Hareid - alle med eit negativt resultat på meir enn ein prosent.

For desse gir korkje kommuneproposisjonen eller revidert budsjett stort håp.

Regjeringa legg opp til ein auke i mellom 2 og 2,4 milliardar meir til kommunesektoren neste år. Av dette forsvinn 1,5 milliardar i sluket til å dekkje ekstra pensjonskostnader og såkalla demografikostnader.

Auken i handlingsrommet blir derfor på berre 500 og 900 milliardar, om dette står seg gjennom eit nytt storting og neste års statsbudsjett. Smørt jamnt utover kommune-Norge forslår det lite.

Kommunar som Ålesund, som slit med å kome i pluss, får altså inga ekstra drahjelp inn i 2022.

Her blir det nye rundar med kutt og omstilling.