Fleire unge brukar narkotiske stoff enn før, og tilgangen på ulovlege rusmiddel er større enn før. Begge delar bør gi stor grunn til uro.

Det er ein klar samanheng mellom rusbruk og skadar. Risikoen er større jo tidlegare rusbruken startar.

Tilsvarande er det med førebyggjande arbeid. Tidleg innsats gir betre sjanse for å lukkast.

I ein fersk rapport fortel ungdom og folk som arbeider med unge og rus i Ålesund korleis bruken av narkotika er i ferd med å bli vanlegare. Det er mykje lettare tilgang på ulovlege rusmiddel enn før, og fleire har brukt narkotika.

Om nokon trudde at det var berre «problemungdom» som var utsette, blir det også klart avvist.

Bruk av narkotika skjer i dei fleste grupper av ungdom. Mange fortel om press for å prøve, og færre er kritiske.

Det har skjedd ei haldningsendring.

Nasjonale undersøkingar syner det same. Narkotika blir meir og meir vanleg, og bruken veks mest hos dei yngste.

I den europeiske skule-undersøkinga ESPAD svarte nær ni prosent av norske 10.-klassingar i 2019 at dei har prøvd cannabis. Dette er ein markert auke i høve snittet for dei føregåande åra.

ESPAD-undersøkinga syner også ein tydeleg reduksjon i andelen som trur det er knytt stor skade til bruken av cannabis.

Haldningar er i endring. Dessverre.

For rusbruk vil alltid gi ein risiko for både psykiske og sosiale problem, helseskadar og redusert levetid. Slike skadar rammar ikkje berre dei med eit synleg rusproblem og eit svært høgt forbruk.

Det største omfanget av helseproblem, skadar og vald finn vi hos dei med ein meir moderat rusmiddelbruk.

Også nær familie eller andre pårørande kan bli ramma.

Sjølvsagt vil det store fleirtalet av dei som prøver narkotika klare seg godt i livet. Samanhengen mellom bruk og risiko er likevel heilt klar, både på eit individuelt nivå og i samfunnet. Risikoen blir større med aukande tilgang og bruk.

Å redusere rusbruken i befolkninga er folkehelsearbeid i praksis.

Kommunane og helsevesenet må gå i front. Det løner seg meir å førebyggje og trygge god livskvalitet enn å reparere.

Vi må gjere meir for å redusere tilgangen på rusmiddel og for å bremse den stigande aksepten for ulovlege rusmiddel.

Tidleg innsats og eit langsiktig perspektiv er avgjerande for å lukkast.

Skule, barnehage og fritidstilbod er saman med heimane viktige arenaer.

Det viktigaste er å skape trygge barn og unge med gode haldningar, sjølvtillit og sosial kompetanse.

Slik gjer vi dei meir robuste i møtet med rusmiddel.