Fredag tok Norge eit nytt steg i retning av eit meir normalisert samfunn. Regjeringa varslar fase to i gjenopninga og lettar på dei nasjonale korona-restriksjonane.

Dette er berre eitt av mange lyspunkt dei siste dagane.

Ein normal sommar blir det likevel ikkje. Dette er eit forsiktig steg. Også i år må det bli norgesferie på dei fleste, og nye tilbakeslag kan ramme oss.

Fredag varsla altså regjeringa at det er klart for fase to av gjenopninga. Mellom anna betyr det at skular og universitet kan ha meir fysisk undervisning, og reglane for innreise til landet blir mindre strenge.

Idretten får også opne litt meir opp. Det same gjeld kranane på restaurantar og skjenkestadar. Taket for kor mange som kan vere på arrangement og besøk blir løfta litt.

Til grunn for dette ligg ei positiv utvikling i smittetrykket, vaksineringa går som planlagt og helsetenestene har grei kapasitet.

Ute i Europa peikar pila same veg.

Danmark letta fredag på nye restriksjonar. Land som Spania, Storbritannia og Tyskland har nyleg gjort det same. Torsdag vart det også klart at EU innfører eit korona-sertifikat i løpet av nokre veker.

Det vil gjere livet meir leveleg i det enkelte land, gjere reiser mellom land enklare og setje meir fart i økonomien.

Men midt i alt dette er der fleire «men».

Sjølv om Europa og USA for alvor har byrja å sjå slutten av pandemien, er den langt frå over. Globalt har den ei klam hand over helse og økonomi. Det vil prege også situasjonen i vår del av verda i lang tid.

I tillegg er det fare for både små og store tilbakeslag.

Ikkje minst vil vi i vekene og månadane framover sjå mange lokale utbrot, kanskje fleire enn før som følgje av smittsame virusvariantar, meir reising og mindre strenge nasjonale restriksjonar.

Både statsminister Erna Solberg og Folkehelseinstituttet varslar at vi kan få større lokale skilnader i smitteverntiltaka enn før.

Store skilnader vil kunne tære på både tolmod, solidaritet og lojalitet.

Når alle føler dei er i same båt, er det lettare å akseptere strenge tiltak enn om ein føler at ein må segle sin eigen sjø.

Gjenopninga neste veke er eit forsiktig steg.

Slik varsemd betyr at det mange stadar og i mange bransjar enno lenge vil vere tiltak som kan virke strenge sett i høve til lokalt smittetrykk. Heller det enn at vi snublar no i oppløpet.