Fylkeskommunen vurderer å samle inntil 150 tilsette i eit nytt bygg i Kulturhavna på Sørsida i Ålesund. Det kan setje fart i realiseringa av den nye bydelen.

Slik kan forvaltninga av fylkeskommunal gi fart til ei svært etterlengta sentrumsutvikling i Ålesund.

Eit større og sterkare fagmiljø vil gi fylkeskommunen ein gevinst både for noverande tilsette og i rekruttering av nye.

Sørsida-planane har hatt eit langt liv på teiknebrettet og tankestadiet så langt. Skissene til den nye bydelen var klare for ti år sidan etter ein arkitektkonkurranse.

Fire år etter var reguleringsplanen klar.

Slik ein såg det for seg då, skulle bygginga av ny vidaregåande skule på området ha vore i gang no. Dei planane havarerte i den økonomiske krisa til fylkeskommunen.

No kan likevel fleire brikker vere i ferd med å falle på plass.

Vedtak om bypakke for Ålesund i Stortinget i juni, vil opne for ny kollektivterminal. Planane om eit «fylkeshus» i Ålesund vil i sin tur kunne sjøsetje Sørsidebygget i Kulturhavna.

Her kan det kome 100 til 150 fylkeskommunale byråkratar i eit lokale på 2.000 til 2.500 kvadrat. Føresetnaden er at lokala i dei nedste etasjane blir leigd ut til kulturføremål.

Fylkestinget kan få denne saka på sitt bord i oktober. Mot slutten av året skal så Ålesund kommune behandle funksjonsprogrammet for bygget. Med nok leigetakarar på plass, kan ein ta steget vidare mot byggjestart.

Same om det blir utbygging i privat eller offentleg regi, vil ein leigekontrakt med fylkeskommunen vere viktig.

Fylkeskommunen brukar i dag 118 millionar kroner i året på leige av lokale i Ålesund, fordelt på 122 ulike leigekontraktar. Å samle fleire av desse vil gi gevinstar for både fagmiljø og eigedomsforvaltning.

Toppgevinsten er det likevel Ålesund sentrum som tar.

Skal Sørsida kome seg laus frå teiknebrettet må nokon ta det første spadetaket. Svært mykje tyder på at den spada må vere i offentlege hender.

Når det spadetaket er tatt, er sjansane større for at andre utbyggjarar følgjer etter.

No var det neppe ei samling av offentlege byråkratar ein såg for seg då Sørsida var drøfta første gang, men dette kan likevel verte avgjerande for at ein ny del av Ålesund sentrum stig opp frå vasskanten.

Slik kan altså eit godt 100-tals byråkratar bidra til å starte ein positiv kjedereaksjon.