Regjeringa si avgjerd om å plassere si nye eksportsatsing, Eksportstrategirådet, i Ålesund er ei gledeleg nyheit for eksportfylke nummer ein i Norge, Møre og Romsdal. Etableringa vil styrke denne posisjonen.

Vi kan i tillegg ubeskjedent seie at lokaliseringa er eit godt val for Norge.

For dette handlar ikkje berre om at nye eksportretta offentlege arbeidsplassar styrkar kompetansemiljøet på Sunnmøre. Det er like viktig for Norge sin nye spydspiss i eksportarbeidet å få halde til nettopp her.

Gjer ein vegen kort mellom verkemiddelapparatet og næringslivet, går gevinsten av det begge vegar.

Næringsminister Iselin Nybø (V) lanserte satsinga i fjor haust i samband med eksporthandlingsplanen «For og med norsk næringsliv». Regjeringa la då 75 millionar kroner på bordet til det som då gjekk under namnet «Business Norway».

Denne nyheita kom kort tid etter ein lang og intens dragkamp om Eksportfinansiering Norge – tidlegare GIEK/ Eksportkreditt, ein dragkamp sett i gang av sunnmørsreiar Stig Remøy. Han bad om at det eksportretta verkemiddelapparatet måtte lokaliserast der eksportnæringane er.

Både Bergen, Stavanger og Ålesund var på banen for å få avdelingskontor eller hovudkontoret.

Som kjent tok Oslo heim det stikket. Nybø var då lite villeg til å lytte til kravet om å flytte den offentlege eksportfinansieringa ut av hovudstaden, trass i intenst lobbyarbeid langt inn i regjeringspartia sine eigne rekker.

Då den nye eksportsatsinga vart lansert, låg dei tre vestlandsbyane allereie i startblokkene for eit nytt kappløp. Her kryssa altså Ålesund mållina først. Nybø sitt poeng er nettopp at Sunnmøre både historisk og i dag har ein sterkt eksportretta næringskultur.

Eksportstrategirådet er på ingen måte eit plaster på såret etter slaget om Giek/Eksportkreditt. Her manglar den tunge slegga i den offentlege verktøykassa, milliardar i statlege garanti- og finansieringsordningar.

Målet om å knyte det eksportretta næringslivet og dei offentlege verkemiddelaktørane tettare i hop er likevel delvis det same.

I arbeidet med å auke norsk eksport må vi styrke det strategiske arbeidet. Samstundes må næringar der Norge har konkurransefortrinn løftast fram. Den jobben må det offentlege og eksportnæringane gjere saman.

Næringslivet har sjølv eit ansvar for å bidra til å gjere Eksportstrategirådet til eit presist verktøy.

Nettopp derfor er regjeringa sitt val av Ålesund både rett og viktig.