Det er positivt at det blir arbeida med å få på plass reglar for utleige av elektriske sparkesyklar i Ålesund. På møte i dag, 7. juni, skal komitéen for tekniske saker, miljø og samferdsel drøfte retningsliner for kommersielt utlån av elsparkesyklar. Reglane vil vere retningsgivande for utleigefirma fram til eit nytt nasjonalt regelverk er på plass.

– Vi ønskjer ikkje Oslo-tilstandar i Ålesund, seier Henrik Pettersen Sunde, kommunikasjonsrådgivar i organisasjonen Ung i Trafikken, til Sunnmørsposten. Han er ein av dei som har engasjert seg i arbeidet med å få heimkommunen Ålesund til å etablere reglar for utleige.

Elektriske sparkesyklar er både elska og hata. Dei er populære fordi dei er enkle å bruke, miljøvenlege og får fleire til å droppe bilen på småturar. Men alt som er bra kan også misbrukast. Skadelegevakta i Oslo har sidan 2019 registrert 2300 ulykker på grunn av elsparkesykkel i Oslo, og over 200 av skadane er karakterisert som alvorlege. Fleire har sett seg i alvorleg gjeld etter ulykker i ruspåverka tilstand som ikkje blir dekt av forsikring.

Frå 18. mai i år vart det innført nasjonale reglar som regulerer bruken av elsparkesyklar. Kommunane får høve til å skrive ut parkeringsbøter for feilparkerte syklar, og det kan etablerast soner der det er ulovleg å parkere. Organisasjonar for blinde og funksjonshemma ville forby bruk av elsparkesyklar på fortau, men har ikkje fått gjennomslag. I staden vart fartsgrensa sett til seks kilometer i timen ved passering av gåande. Dersom dette ikkje fungerer, kan det bli aktuelt med strengare reglar. Trygg ferdsel må sikrast for alle.

Mange har etterlyst promillegrense for elsparkesyklar, men det blir vist til at det allereie i dag er ulovleg å sykle når ein er rusa. Mange av ulykkene om natta skjer i alkoholpåverka tilstand, og derfor kan det vere fornuftig å stenge for utleige av syklane om natta, slik det er gjort i andre byar.

Fleire parti på Stortinget jobbar med forslag til ny lov som skal gi kommunane rettsleg grunnlag for å regulere utleige av sparkesyklar. Inntil denne lova er på plass, kan ikkje Ålesund kommune innføre juridisk bindande reglar for utleige, men kan etablere gode retningsliner. Fleire selskap vurderer å starte utleige i Ålesund, og det er i alles interesse at det blir etablert god praksis heilt frå starten på eit felt som har forårsaka kaos i andre byar.