Nordvestlandet kan få ei historisk satsing på samferdsel om Nasjonal Transportplan blir følgt. Det er både rettferdig, fornuftig og på tide.

Målt mot andre regionar har denne delen av landet stått på vent altfor lenge.

Eit breitt fleirtal på Stortinget står bak denne satsinga, men det betyr ikkje at kampen om kronene er endeleg avgjort.

Transportkomiteen ga si innstilling til Nasjonal transportplan mandag kveld. Her har fleire store satsingar på Nordvestlandet, slik som ny Strynefjellsveg, Eksportvegen E136, Møreaksen, innfartsvegen til Ålesund og Voldatunnelen, fått plass.

I tillegg til dette kjem mellom anna den nyleg starta opprustinga over Ørskogfjellet og den vedtekne utbygginga mellom Molde sentrum og Hjelset og Stad skipstunnel.

Ei lang ørkenvandring i NTP-samanheng kan no vere slutt.

Det er på tide. Før dette var det siste større prosjektet i regionen Tresfjordbrua, opna i 2015. Det siste store NTP-prosjektet i Møre og Romsdal, Betna-Stormyra på E39, flytta som kjent ut av fylket med kommunereformen.

I den lokale debatten trur nokre — og andre hevdar, at dei ulike regionane får sin «pott» av samferdslemilliardane uansett, og at desse kan flyttast fritt mellom ulike prosjekt.

Slik er det ikkje. Det syner den nære historia.

Møre og Romsdal har vore på botn målt i kroner per innbyggjar i fleire år. Slikt får konsekvensar ved at regionen blir hengande etter i utvikling i høve til dei regionane der det blir satsa. Det skadar næringslivet si konkurransekraft og regionen sin attraktivitet.

No kan altså Nordvestlandet få eit løft, saman med fleire kystregionar.

Vestland får i følgje Bergens Tidende den største delen av dei statlege investeringskronene i åra framover, medan Nordland får suverent mest målt i høve folketal. Møre og Romsdal sin del tilsvarer no om lag andelen av folketalet.

Ingen ting er endeleg avgjort før pengane er på plass i årlege statsbudsjett. Det er altså enno rom for forseinkingar og omkampar mellom delar av landet og internt i landsdelar.

Likevel skal det no mykje til å kaste om på alt.

Når Ap, Sp, H, KrF og Venstre står samla bak prosjekt som Møreaksen, gir det ei solid forankring i Stortinget også etter valet. Basert på eit snitt av dei seinaste meiningmålingane vil det gi nær 120 av 169 mandat bak prosjektet.

Andre prosjekt har endå breiare fleirtal.

Dette gir ingen garanti, men skal bli vanskeleg å springe frå.