Norsk fiskerinæring er viktig for verdiskaping og sysselsetting i Norge, men både kan og bør bli endå viktigare.

Bør: Fordi vi må få meir ut av havnæringane etterkvart som oljeinntektene krympar.

Kan: Fordi fiskeri og havbruk er næringar der Norge har solide konkurransefortrinn.

Regjeringa oppnemnde denne veka eit nytt utval som skal gi råd om korleis vi skal produsere meir sjømatprodukt i Norge. Målet er fleire heilårlege arbeidsplassar langs kysten og meir berekraftige produkt.

Norge eksporterer i dag sjømat for over 100 milliardar årleg. Storparten av dette, i volum over 90 prosent, er reine råvareleveransar til fiskeindustri i mange andre land.

Så mykje som 26.000 arbeidsplassar i EU er bygd på bearbeiding av norsk fisk. Nokre av produkta frå denne industrien finn til og med vegen tilbake til frysediskar i norske butikkar.

Fisk frå norske farty tar også omvegen om Kina på veg til den europeiske marknaden i jakta på billeg arbeidskraft.

Slik taper vi arbeidsplassar, og slik endar sjømat på forbrukarane sitt middagsbord på eit mindre berekraftig vis.

Målet om å flagge heim delar av denne produksjonen må difor prioriterast høgt.

Enkelt blir det likevel ikkje for Inger Marie Sperre i Brødrene Sperre AS og Janita Arhaug i NCE Blue Legasea i Ålesund og dei fem andre medlemmane i utvalet som skal greie ut dette. Dei er ikkje dei første som har prøvd.

Auka bearbeidingsgrad har vore eit mål i norsk fiskeripolitikk i store delar av etterkrigstida. Det har ikkje mangla på forsøk og tiltak. Statleg finansiering medfinansiering av fiskeindustri, støtteordningar og leveringsplikt er berre nokre døme.

Likevel har andelen av bearbeidd norsk sjømat falle saman med talet på norske fiskeindustribedrifter.

Forklaringa er mellom anna høge tollsatsar på bearbeidd fisk inn til EU, slik norske tollsatsar også vernar norsk landbruk.

For eit område som ikkje er omfatta av EØS-avtalen brukar EU slike virkemiddel for å verne sin industri. Denne industrien har også eit konkurransefortrinn med sin nærleik til marknaden, og norske fiskarar vil sjølvsagt selje sin fisk der den er best betalt.

Jobben blir altså krevjande.

Meiner vi noko med at vi skal satse på havrommet er det likevel ingen veg utanom. Men då må vi løyse bremsene.