Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal gjekk inn for å setje i gang eit arbeid for å finne eit godt namn til den samanslåtte vidaregåande skulen i Ålesund. Det er ei god avgjerd.

Namnet skjemmer ingen, men det kan det gjere ein stor skilnad.

Skulenamn er også ein merkevare, og kan vere med på å byggje identitet og stoltheit. Dette tar ein på alvor ved å ta seg tid til å finne det beste namnet.

Når skulane Ålesund videregående skole og Fagerlia videregående skole blir slått saman i august, blir dette ein av dei største skulane i landet med sine 1.600 elevar. Jakt på eit nytt namn har ikkje vore ein del av samanslåingsprosessen.

Fylkeskommunedirektøren foreslo å kalle den Aalesund vgs.

Eit slikt namn ville vere i tråd med den normale namnsettinga på vidaregåande skular. I Møre og Romsdal har dei aller fleste namn etter kommunen dei ligg i. Unntaket Gjermundnes landbruksskule i Vestnes og der det er fleire skular i same kommune.

Fylkeskommunedirektøren la også vekt på at Ålesund er eit sterkt merkenamn nasjonalt. Namnet ber også vidare namnehistoria til mange av forgjengarane, som Ålesund Gymnas, Aalesund Høyere Allmennskole, Ålesund maritime skole osb.

Nasjonalt er også geografiske namn det vanlege.

Men skulenamn kan og bør fortelje meir enn adressa.

Særleg enkelte byskular er kalla opp etter historiske personar, slik som Amalie Skram vgs. og Nordahl Grieg vgs. i Bergen, Fredrik II vgs. og Hans Nilsen Hauge vgs. i Fredrikstad og Hjalmar Johansens vgs. i Skien, den siste kalla opp etter polfararen frå byen.

I Ålesund har tanken om dette engasjert mange.

Eitt framlegga har vore å gi den nye skulen namn etter krigshelten Joachim Rønneberg frå Ålesund. I utdanningsutvalet landa derimot fleirtalet i utvalet på å gi ei arbeidsgruppe med elevar og tilsette ved skulen ansvar for å greie ut namneforslag.

Ein slik prosess vil opne for å få fram mange gode namneforslag.

I tillegg kan sjølve prosessen med å finne eit felles namn for dei to samanslåtte skulane bidra positivt i arbeidet med å byggje ein felles identitet og ei god lagkjensle.

Det bør uansett liggje i botn for arbeidet.

Namnet er ikkje det viktigaste, men kan vere eit bidrag til å byggje ein identitet som elevar og tilsette vil vere stolte av.

Eit samlande namn som står seg over tid og også løfter fram Ålesund sin kultur og historie vil vere ein bonus.

Namnet på ein historisk person kan godt fylle den funksjonen.