Politi og overgrepsmottak har slått alarm om ny urovekkande trend. Barn heilt ned i 13-årsalderen tilbyr nakenbilde og seksuelle handlingar mot betaling. Bilde og prislister blir distribuert via sosiale medium som Snapchat, og så blir det avtalt møte på kjøpesenter og offentlege toalett. NRK har den siste tida skrive saker både frå Agder og Finnmark om tenåringar som utfører seksuelle overgrep mot andre barn.

Benedicte Severinsen, seksjonsleiar for overgrepsmottaket i Agder, seier til Fædrelandsvennen at dei ser ei utvikling i seksualiteten hos barn og unge som samfunnet bør få kjennskap til. Ho meiner mange foreldre ville blitt sjokkerte om dei visste kva som er normalt for barna, og kva dei ser på mobilen. Ei mor i Alta fortel at ho gret då ho oppdaga at sonen på åtte år hadde søkt opp sider med hardporno. Ho hadde aldri trudd at det hasta med å installere filter som sperrer for innhald som er ueigna for barn, fordi guten er så ung, men der tok ho feil.

I eit gjennomseksualisert samfunn kan det vere vanskeleg for barn å vite kva som er rett og gale, og kva dei skal seie nei til. Unge har eit sterkt behov for å bli akseptert og verdsett av andre, og kan delta i handlingar dei ikkje ønsker fordi dei trur det er forventa av dei. Mange gir etter for masing om å sende nakenbilde. Slike bilde kan kome på avvegar, og bli brukt som middel til utpressing. Enkelte jenter let vere å melde overgrep, fordi dei er redde for å bli kalla hore. Gutar kan bli pressa til å utføre valdelege handlingar for å vere ein del av gjengen. Barn og unge kan kjempe ein fortvila kamp heilt åleine, utan at andre veit om det.

Både av omsyn til offer og dei unge overgriparane er det viktig at desse forholda blir kjent, slik at meir kan settast inn for å førebyggje ei destruktiv utvikling. Dei som utfører seksuallovbrot i ung alder, har auka risiko for å utføre nye overgrep seinare i livet.

Foreldre har den aller viktigaste rolla i dette arbeidet. Det handlar om å bruke tid saman med barna og ungdommane, lytte, vise omsorg, gi dei etisk ballast og sette grenser. Nettopp det å vere tett på og interessert i barnas liv er oppmodinga frå politiet no i starten av ferien. I eit sommarbrev til foreldre og publikum tek politiet i Møre og Romsdal opp fleire tema der vaksne kan bidra til å førebyggje kriminelle handlingar. Barn treng å få vite at det er trygt å snakke om alt heime, uansett kva dei har vore med på.