Ei mormor frå Sunnmøre har fått medhald i Høgsterett om at ho skal få vurdert retten til samvær med barnebarnet sitt. Dette er ei viktig avgjerd for alle besteforeldre som kjempar for å få vere saman med barnebarn som er plassert i fosterheim. Dommen er vel så viktig for barnevernsbarn som kan ha behov for kontakt med sine besteforeldre.

Barnebarnet er under offentleg omsorg, og dei biologiske foreldra har samvær berre seks gonger i året, tre timar kvar gong. Mormora har i fleire år kjempa for at barnet skal få meir kontakt med sin biologiske familie, og etter dommen i Høgsterett får ho høve til å prøve retten til eige samvær med barnebarnet.

Dommen betyr ikkje at fylkesnemnda automatisk må gi mormor samvær, men ho får ein sjølvstendig rett til å søke. Ein viktig årsak til at ho har vunne fram, er at Høgsterett har konkludert med at seks samvær tre gonger i året, som foreldra har i dag, må kunne karakteriserast som svært avgrensa.

Det kan vere gode grunnar til at kontakten med dei biologiske foreldra har eit avgrensa omfang. Dersom barnet skal etablere ein trygg og god relasjon til fosterforeldra, kan det ha behov for ro og stabilitet. Samtidig er det verdifullt for barn å vite at det er mange som bryr seg og er glade i dei. Forsking viser at besteforeldre kan spele ei svært viktig rolle i barns liv. Mange har fortalt at besteforeldre påverka deira verdiar og oppførsel på ein god måte, og skapte ein trygg base i livet.

Omsorgsovertaking får ikkje berre konsekvensar for barn og foreldre, men også besteforeldre og andre slektningar. Både barn og familiesituasjonar er ulike, og derfor må kvar enkelt sak vurderast grundig. Eit godt kunnskapsgrunnlag er avgjerande, og det er behov for meir forsking på dette feltet.

Barnets beste må uansett vere det styrande prinsippet i alle saker. Norge vart nyleg dømt i Den Europeiske Menneskerettighetsdomstolen (EMD) i to saker som nettopp handla om graden av samvær etter omsorgsovertaking.

Mormora frå Sunnmøre tapte først i tingretten, deretter i lagmannsretten, men vann fram i Høgsterett. I domspapira frå Høgsterett står det mellom anna at samvær med besteforeldre kan bidra til å styrke og vidareutvikle barnets band til den biologiske familien. I enkelte tilfelle kan det vere til barnets beste, og derfor er denne dommen viktig.