Eldre som bur på sjukeheimar har eit altfor dårleg vern mot forsøming, vald og overgrep. Det syner fleire undersøkingar og rapportar dei seinare åra.

Ein fersk rapport frå Helsedirektoratet slår fast at vald er så vanleg at mange leiarar ser det som «ein normal del av sjukeheimslivet». Situasjonen er urovekkjande.

Absolutt ingen skal ha eit liv der vald og overgrep er kvardagen – korkje bebuarar eller tilsette.

Rapporten som Helsedirektoratet offentleggjorde nyleg inneheld mellom anna resultat frå studiar i regi av NTNU om vald mot eldre på sjukeheimar. Funna som er gjort der er svært urovekkjande.

Blant 3.700 pleietilsette ved 100 sjukeheimar over heile landet er det eit stort fleirtal som har vore vitne til vald eller forsøming. I rundt 98 prosent av tilfella er det bebuarar som utøver vald mot andre bebuarar eller tilsette.

Men også vald, forsøming og overgrep frå tilsette og pårørande er altfor utbreidd.

Eldreomsorg er eit kommunalt ansvar, og det er kommunane som har det overordna ansvaret for å sikre at dei som bur på sjukeheimar skal ha det trygt og leve eit verdig liv. Rapporten frå Helsedirektoratet syner at kommunane sviktar.

Det betyr ikkje at politikarar eller kommunalt tilsette ikkje bryr seg, men oppgåva er ikkje høgt nok prioritert.

Ein skal ikkje ha vore vitne til mange kommunale budsjettmøte for å forstå at økonomi er ei viktig årsak til dette.

Konsekvensane av at sjukeheimar kjem under den kommunale sparekniven kan vere alvorlege. Talet på institusjonsplassar blir redusert. Resultatet er at dei som får plass, er dei mest pleiekrevjande.

Når talet på tilsette ikkje blir tilpassa etter dette, eller til og med blir redusert, går det ut over kvaliteten på omsorga.

Eitt av resultata blir mindre tid til kvar enkelt bebuar, og mindre tid til å førebyggje utagering og vald og unngå bruk av tvang.

Stortinget vedtok i vår å innføre meldeplikt og nasjonale retningsliner for handtering av eldrevald.

I tillegg til slike tiltak er der sjølvsagt ein jobb å gjere både i høve til kultur og haldningar. Det same gjeld tiltak for å styrke kompetansen på korleis vi skal handtere og førebyggje vald.

Men også dette kokar gjerne ned til eit spørsmål om økonomi og ressursar.

Det skal godt gjerast å byggje god kultur, styrke kompetansen og drive god førebygging når bemanninga er lav og svært mange av dei tilsette jobbar i små stillingsbrøkar eller er vikarar.