Førre veke passerte Norge tre millionar med første dose av covid-19-vaksine. Meir enn 70 prosent av den vaksne befolkninga har no fått første stikk.

Likevel betyr ikkje det at vaksineringa går på skinner.

Helseminister Bent Høie (H) vedgår no at målet om å fullvaksinere alle tilsette i skular og barnehagar før skulestart ikkje blir nådd. Samstundes blussar protestane mot omfordelinga av vaksinar opp på nytt.

Massevaksinering av ei heil befolkning er ikkje ein enkel jobb. Oppgåva byr på store utfordringar praktisk, strategisk og logistisk, og det er også politiske skjer i sjøen.

I forsøket på styre gjennom dette farvatnet er det gjort fleire manøvrar som mange har slite med å akseptere og å forstå. Omfordelinga av vaksinar er ein av dei.

Først nølte regjeringa, og då det først skjedde, kom det i seinaste laget.

Så ser vi at når smittetrykket i kommunane som fekk ekstra vaksinar fell, har dei ledige timar i tusental. Samtidig stig smitten i mange kommunar som vart nøydde til å gi frå seg vaksinar tidlegare i vår.

Tilsvarande sat prioriteringa av lærarar og barnehagetilsette langt inne.

Regjeringa nølte lenge med å skubbe andre grupper enn prioriterte helsearbeidarar fram i køa. Mange grupper, alt frå politi til russen, fremja slike krav. Til slutt landa regjeringa likevel på at omsynet til å få ein mest mogeleg normal skulestart til hausten forsvarte dette.

No sprekk også denne tidsplanen.

Å navigere i uvêr i ukjent farvatn vil alltid vere vanskeleg. Brottsjøar av nye smittebølgjer har bidratt til dette. Opp frå djupet har det kome nye og meir smittsame virusvariantar. Samstundes har tilgangen på vaksinar vore usikker og variabel.

Når ein skal mobilisere ei heil befolkning til å vaksinere seg, er dette uheldig. Ein stø og føreseieleg kurs er lettare å kommunisere tydeleg.

All vingling i kursen kan skape usikkerheit og tvil.

I dag er dette ingen krise. Norge er eitt av dei landa i verda som har kome best gjennom pandemien så langt, og oppslutninga om vaksineprogrammet er også god samanlikna med mange andre.

Likevel ser vi altså tendensar til at fleire enn før nøler med å vaksinere seg, både enkeltpersonar og grupper. Ei slik utvikling har det vore i fleire land.

Verdas helseorganisasjon (WHO) meiner at vaksineskepsis er ein av dei ti største globale helsetrugsmåla.

Ein tydeleg strategi og sann og klar kommunikasjon er den beste måten å førebyggje det på.