Nestleiar Olaug Bollestad i Kristeleg Folkeparti opnar for å samarbeide med ei raud-grøn regjering etter valet. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har før varsla at han vil lage oljepolitikk med Høgre.

I beste fall syner dette at sentrum framleis er sentrum i norsk politikk.

Ingen av desse utspela vitnar likevel om utprega høg lojalitet til regjerings-alternativa dei to stiller til val for.

I eit intervju med NRK strekkjer Bollestad ut handa til ei regjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet dersom valet endar med regjeringsskifte, slik meiningsmålingane no tyder på.

Det er meir enn ein grunn til å reagere på eit slikt utspel.

Ved eit stortingsval er spørsmålet om regjeringsalternativ avgjerande for mange veljarar. Ikkje utan grunn. Det er skilnad på kva gjennomslag eit lite parti kan få avhengig av kva parti dei samarbeider med. Bollestad prøver her kanskje å heilgardere, men resultatet er at ho sår tvil om kva politikk som blir resultatet av ei stemme til KrF.

Endå meir spesielt blir Bollestad sitt utspel sett i lys av den nære historia. Det var nettopp samarbeid med Senterpartiet og Ap det ekstraordinære landsmøtet i KrF sa nei til med knappast mogeleg fleirtal før jul i 2018.

Som nestleiar i partiet hadde då Bollestad reist land og strand rundt og advart partiet mot dette alternativet.

Etter retningsvalet gjekk partiet i regjering med Frp, Venstre og Høgre, i strid med samarbeidsvedtaket partiet gjekk til val på i 2017. Partileiar Knut Arild Hareide gjekk av, og Bollestad i regjering.

Bollestad meiner Sp er eit parti som står KrF nær, slik også Hareide argumenterte med før nederlaget. Framfor valet i haust har dette fått ein ny dimensjon.

For også Sp-leiaren prøver å ri to hestar. Han vil danne regjering saman med Arbeidarpartiet med støtte frå SV, men vil samarbeide til høgre og med Høgre i olje- og gasspolitikken, innvandringspolitikken og forsvarspolitikken.

Vedum sitt problem er at han er åleine på raud-grøn side om denne tanken. Ein slik posisjon for Sp blir derfor utopisk.

Bollestad sitt utspel kan kanskje tolkast som ei støtte til Vedum sitt forsøk på å stengje SV ute frå regjeringsvarmen. Hadde KrF valgt opposisjon eller motsett retningsval i 2018, ville ei slik handsrekning kanskje hatt verdi.

I dag er dette ei hand som strekkjer seg ut etter hjelp for å unngå å synke.

Utan at veljarane får klar melding om kva politikk KrF vil støtte, kan dette like gjerne er vere ei hand som vinkar farvel.