Kva i all verda er det som får folk til å møte unge kvinner som ynskjer jobb i fiskerinæringa med seksuell trakassering? Her er det behov for ei kulturendring.

Næringa treng fleire kvinner ombord.

Dette handlar om likestilling, likebehandling, og om ei næring som må sikre seg den beste arbeidskrafta. Då må den også kunne rekruttere kvinner og menn både til brua, på dekk og på reiarkontoret.

Fiskaryrket er eitt av dei mest kjønnsdelte yrka vi har. Det gjeld både på eigarsida, i styrerommet og om bord i fartøya. Med bakgrunn i dette ba Stortinget i kjølvatnet av «Kvotemeldinga» om at det skulle setjast søkjelys på forhold som i praksis fører til slik kjønnsdeling.

Forskingsinstituttet Nofima har no lagt fram ein rapport som skal gi grunnlag for ein arbeidet med ein strategi ein meir likestilt fiskeribransje.

Tala er tydelege. Sjølv om det er sterk auke i talet på jenter som vel utdanningsprogrammet fiske og fangst i vidaregåande skule, dominerer gutane framleis også der. Frå skulebenken til båten fell andelen jenter endå meir.

NRK fortalde sist veke korleis kvinner er seksuelt trakasserte på Facebook-grupper som er oppretta for folk på jakt etter jobb i næringa. Heldigvis blir ikkje alle møtt slik. Mange kvinner i næringa føler seg slett ikkje diskriminerte.

Men altfor mange opplever uønska merksemd.

Sjølv om dei som står bak er eit lite mindretal, er dette eit alvorleg symptom. I rapporten blir det sagt at ei av hovudforklaringane til den svake kjønnsbalansen er ein «mannsdominert og til tider røff kultur».

Korkje idioti eller tankeløyse har vi enno funne ein vaksine mot. Dårlege haldningar og kulturproblem kan vi derimot gjere noko med. Her har både næringa sjølv, skuleverket og statlege styresmakter ein stor jobb å gjere.

Når kvinneperspektivet er heilt fråverande i statlege utgreiingar om næringa, set det spor.

Det same gjer mangel på tilrettelegging for å kombinere svangerskap, fødsel og omsorgsoppgåver med eit yrke til havs. Kompenserande tiltak her må til, og vil kunne gi auka likestilling både heime og til sjøs.

Slike tiltak må vere ein del av strategien. Næringa bør også framheve betre karriere-moglegheitene og dei positive kvinnelege førebileta i ei godt betalt framtidsnæring.

Men først og fremst bør den forelda «macho-kulturen» spylast ut.

Andre mannsdominerte næringar og miljø er godt på veg, sjølv om det tar tid.