Både kriminelle og framande statar står bak store dataangrep mot norske bedrifter, offentlege institusjonar og styresmakter. I begge tilfelle må vi skarpt plassere ansvaret på landa angrepa blir utført frå.

Vi må seie frå, og vi må vere tydelege.

Eit land som gir ly til cyberkriminelle er like ansvarlege for slike som om det er deira eigne hemmelege tenester som stod bak.

Måndag gjekk USA, Nato, EU og Norge samla ut og fordømte Kina for eit globalt dataangrep mot tusenvis av vestlege mål i mars. Både offentlege og private verksemder og institusjonar vart råka, mellom dei Stortinget sine e-post-system.

Dei digitale spora peikar mot Kina.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) seier at denne konklusjonen er nokså eintydig, basert på både norsk og alliert etterretningsinformasjon. I eit tidlegare angrep mot Stortinget sine e-post-system, peika spora mot Russland.

I løpet av dei siste 20 åra har det blitt stadig hyppigare og meir raffinerte dataangrep. Nokre har klare trekk av at det er statlege hemmelege tenester som står bak. Målet kan vere alt frå å stele klassifisert informasjon til å teste tryggleik, beredskap og «forsvarsevne».

Slike angrep er også ein måte å vise slagkraft på, og slik skape usikkerheit om nasjonar er i stand til å sikre og kontrollere infrastruktur, system og informasjon.

I tillegg til dei statlege aktørane er der også halvstatlege «cybermilitsar» og organiserte kriminelle på same arena. Av og til kan grensene mellom dei ulike gruppene vere uklare, sidan nokre kan handle i forståing med eller på oppdrag av hemmelege tenester og styresmakter.

For den som blir angripen kan det i praksis vere av underordna betydning kven som står bak, så lenge skadane eller skadepotensialet er like stort. Når angrepa skjer frå framand jord, er det uansett eit problem å få straffeforfølgd eller sett cyberkriminelle grupper ut av spel.

Manglande lovgiving, rettshandheving eller vilje til å straffeforfølging kan skape ei frihamn og mogelegheit for slike grupper til å utvikle seg. Det må få konsekvensar for det landet som gir dei den moglegheita.

Fordøming og politisk press er ein metode. Ting kan tyde på at då president Joe Biden tok dette opp med sin russiske kollega nyleg, førte det til at ei russisk hackergruppe brått forsvann frå nettet.

Skarp diplomatisk ordbruk vil likevel ikkje alltid vere nok, særleg ikkje mot statlege aktørar.

Vi må derfor også vere tydelege på at vi har vilje til å setje meir makt bak.