Vi er snart klare for trinn fire i gjenopninga av samfunnet etter koronapandemien. Dit har vi kome med lave tal på koronadøde takka vere stor lojalitet til smitteverntiltaka og massevaksineringa frå folk flest – og litt flaks.

Det betyr ikkje at vi enno kan slappe av og leve heilt som før.

Vi bør i alle fall ikkje satse alt på flaksen.

Til no er det sett over fem millionar enkeltdosar av koronavaksinar i Norge. Meir enn 60 prosent av befolkninga har alt fått første dose, og rundt halvparten av desse er fullvaksinert.

Vi ser ikkje berre lyset i enden av tunnelen, men vi er nær tunnelopninga.

Nordmenn sin vilje til å la seg vaksinere frivillig er den viktigaste enkeltårsaka til at vi snart kan seie at pandemien er rimeleg under kontroll. Dette er gull verdt.

I ei rekkje andre land buttar det no imot med vaksinetempoet. Det skuldast ein kombinasjon av fleire årsaker, frå svak motivasjon til direkte vaksinemotstand – i tillegg til at mange land enno står langt bak i vaksinekøen.

Ein stor del uvaksinerte er eit problem for alle.

Så lenge mange ikkje har oppnådd immunitet, er faren at vi får nye og farlegare mutasjonar. Deltavarianten av viruset er eit døme på ein slik mutasjon. Vi kan få fleire.

Dei som vel å la vere å vaksinere seg, tek altså ikkje berre eit val for seg sjølv. Om dei er mange nok, fører det til at alle må leve med restriksjonar lenger og risikoen for nye og meir «aggressive» virusvariantar aukar.

Frankrike strammar no klypa for å få fleire til å vaksinere seg.

Helsearbeidarar kan bli suspenderte om dei ikkje tar vaksine. For blant anna reiser og restaurantbesøk blir koronapass obligatorisk. Dei som bryt reglane kan bli straffa med bøter.

Frankrike er her ein gråsone. På den eine sida gjer koronasertifikatet og vaksineringa at gjenopninga kan gå raskare, men altså ikkje for alle. Så gir trugsmålet om sanksjonar reglane eit preg av vaksinetvang.

FHI seier det ikkje er planar om å følgje i Frankrike sine fotspor. Det bør vi halde fast ved.

Det skal vere frivillig å ta imot helsehjelp her i landet så sant ein har samtykkekompetanse eller ikkje direkte trugar andre. Slik må det vere også for vaksinar, same kor mykje grunnlaget for valet står fram uopplyst for andre.

Det betyr ikkje at alle dører skal stå opne for alle. Visse restriksjonar må vi leve med, også slike som skil mellom vaksinerte og uvaksinerte om fordelane klart overgår ulempene.

Men vaksineplikt, tvang og trugsmål om straff må vere absolutt siste utveg.