Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) vil lokke veljarar med å skryte av partiet sin landbrukspolitikk. Etter eit år med bondeopprør og diktat i jordbruksoppgjeret blir det ein tung jobb.

Også Kristeleg Folkeparti må bli målt på resultata.

Om partiet skal skryte av resultata for landbruket dei siste åra, må det bli at «det kunne gått så mykje verre utan oss». Det høyrer med til unntaka at veljarar lar seg begeistre av slikt.

KrF-nestleiar Bollestad har lagt valkampturnéen til Møre og Romsdal i dag. Her skal ho mellom anna besøke Bøen gard i Gjerdsvika og Skarbø gard i Stranda.

Her vil ho fortelje kva landbruket har fått med KrF i regjering. Ho meiner mange framstiller utviklinga feil.

Skal ho ha suksess, må ho sjonglere statistikken godt.

Tala peikar i det store og det heile i same retning som dei har gjort i fleire år. Ikkje verre, men heller ikkje betre, korkje med bruksnedleggingar eller inntektsutviklinga.

Ein skal ha gode auge og god vilje for å sjå den store skilnaden frå då Frp styrte butikken i landbruksdepartementet.

Og opprøret blant bøndene har ikkje blitt mindre. Tvert om.

Så vil mange hevde at strukturrasjonaliseringa av landbruket ville hatt større kraft utan KrF og Venstre si stemme inn i det borgarlege regjeringssamarbeidet dei siste åtte åra. Det er truleg rett.

KrF har også gjort ein viktig jobb for landbruket med handelsavtalen med Storbritannia.

Her stod KrF steilt imot å ofre landbruksinteresser i byte mot betre tilgang for fisk i den britiske marknaden. Utan KrF i regjering, ville utfallet blitt eit anna. Men fasiten på det, kjenner ingen.

Når historia for KrF sine drøye to år i regjering skal skrivast til hausten er det ikkje dette som står att. Då er det eit landbruksoppgjer som forliste utan forhandlingar og bondeopprøret som står att i klartekst.

Dette var eit stort nederlag for Bollestad, både politisk og personleg.

Ho hadde sett for seg at staten skulle gi bøndene meir i forhandlingane, og at partane skulle gå frå kvarandre sånn passe forlikte. Men det vart altså ikkje resultatet. Politikk må målast på resultat og ikkje berre god vilje.

Eit parti i ei fleirpartiregjering må ta ansvar for både eigne gjennomslag og nederlag — for politikken som blir ført, ikkje den som kunne blitt ført.

Dette innsåg Frp i januar i fjor.

Bollestad prøver no å fortelje veljarane ei anna historie.