Ingen ting skal kunne leggast til for å gjere rekord-løpet og OL-gullet til Karsten Warholm større enn det er. Prestasjonen på OL-stadion i Tokyo er allereie blant dei største.

Likevel klarer OL-vinnaren nettopp det, å gjere gullet litt større.

For måten Warholm, trenar Leif Olav Alnes og teamet rundt dei har skapt framgang, kome dit dei er i dag og takla det heile på er unik. Det handlar om verdiar.

«Eg veit kor godt eg sprang (...), men desse karane vil ta det til eit heilt nytt nivå», sa tidlegare verdsrekordhaldar Kevin Young i eit intervju nyleg. Han fekk rett. Veldig rett.

To gongar etter dette har Karsten Warholm slått den 29 år gamle rekorden i 400-meter hekk.

Tysdag heldt dette til OL-gull, ei historisk idrettsbragd og triumf i Tokyo.

Bak ei slik bragd ligg det enormt med hardt, målretta arbeid, tallause tunge treningstimar og ein god porsjon talent. Men sjølv bak ein så sterk individuell prestasjon ligg det også eit solid lagarbeid.

Prestasjonar på dette nivået kjem ikkje ut av ingenting.

For Karsten Warholm er grunnlaget lagt i Dimna IL, eit idrettslag han framleis sjølv brenn for og heiar på. Og dei heiar på han. Ikkje berre fordi han er god, men fordi han er ein av dei og syner det ved heile tida å inkludere dei rundt seg i sin suksess.

Han held fast ved dette, sjølv etter prestasjonar som kan få den mest audmjuke til å bli ekstremt høg på seg sjølv. Han seier alltid «vi» der han like gjerne kunne sagt «eg». Og han står fram som alltid jordnær og rett fram.

Ei slik haldning står det stor respekt av.

Dette gjer Warholm til det «objektet» han er for både sponsorar og arrangørar, og då snakkar vi ikkje om så reint liten økonomisk verdi. Men dette handlar ikkje berre om marknadsverdi. Det handlar om verdiar i vid forstand.

Slik blir han også eit førebilete for langt fleire enn dei som driv med friidrett.

Idrett handlar ikkje berre om hundredelar, centimeter og perfeksjonert teknikk. Sjølvsagt har Alnes og Warholm terpa og perfeksjonert teknikk, knipe hundredelar og jobba mentalt nærast dag og natt.

Likevel har alltid det verdibaserte ligge i botnen.

Eitt av dei mange ordtaka dei omgir seg med er at ein ikkje skal vere redd for å tape, men redd for ikkje å utvikle seg. Kanskje er dette også taktisk klokt for å lette presset på å prestere.

Men det er også ei god læresetning for alle dei som aldri kjem til å bli olympisk meister.

Alle kan ikkje ta gull, men alle kan måle framgang.

Gratulerer Karsten! Og takk!