To gongar tidlegare har Senterpartiet gått inn i ei raud-grøn regjering med ein lovnad til veljarane om å seie opp EØS-avtalen. Begge gongane utan å ha gjort alvor av det.

I år kan partiet gå i regjering, sterkare enn nokon gong.

Trass dette vil ikkje Senterpartiet gi veljarane ein slik lovnad no. Spørsmålet veljarane må stille seg er om det betyr at partiet er i ferd med å snu, eller om det berre har taktiske årsaker.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum møtte Erna Solberg (H) og Jonas Gahr Støre (Ap) til statsministerduell i VGTV denne veka. Her nekta han å svare ja eller nei på om Norge bør melde seg ut av EØS.

Slik var det ikkje ved valet i 2005 eller i 2009.

Begge gongar gjekk partiet til val for å seie opp EØS-avtalen i samsvar med artikkel 127 i avtalen. Begge gongar vart EØS-avtalen freda i regjeringsforhandlingane på Soria Moria.

I dag står vi i ein lik situasjon. Sjølv om både Sp og SV har andre favorittar, er ei regjering av Ap, SV og Sp likevel det absolutt mest sannsynlege, slik som i 2005 0g 2009.

Styrkeforholdet vil likevel vere eit heilt anna.

I 2005 hadde Jens Stoltenberg 61 partifellar bak seg på Stortinget, medan Senterpartiet og SV berre kunne skilte med 25 til saman. I dag ligg det etter målingane an til at Ap hamnar i mindretal mot to regjeringspartnarar som begge har programfesta eit nei til EØS.

I ein slik situasjon er det påfallande at Sp nektar å svare på om partiet vil arbeide for seie opp EØS-avtalen. Om det er Ap sitt ultimatum om at eit EØS-ja må ligge til grunn for eit regjeringssamarbeid, burde partiet også kunne vere ærlege på det.

Veljarar forstår slikt, at ein ikkje alltid kan få alt ein ynskjer seg i eit samarbeid.

I partiprogrammet er formuleringa «seie opp EØS-avtalen» no tatt ut. Realiteten står likevel fast. Partiet vil erstatte avtalen med handels- og samarbeidsavtalar, og dei vil ha EØS-avtalen ut til folkeavrøysting.

I praksis er dette det same. Ein kan ikkje reforhandle avtalen utan først å seie den opp. Å ta den ut på folkeavrøysting kan sjølvsagt få to utfall, ja eller nei. Blir det eit nei til EØS frå folket, må likevel også avtalen seiast opp, slik Brexit-avrøystinga hadde som resultat.

Dette burde Senterpartiet vere tydeleg på.

Å seie «tja» til EØS, slik Vedum gjorde i VGTV, er å ri to hestar. Ein for å roe dei som er avhengige av EØS-avtalen. Ein for å la EØS-motstandarar leve i trua på at Sp tar affære.

Det er eit forsøk på å føre begge bak lyset.