Folk flyttar frå dei norske «storbyane», men det gjer ikkje at fråflyttingstruga distrikt kan heise flagget og slå av forgubbings-alarmen.

Ikkje med det første i alle fall.

For sjølv om eit meir digitalisert arbeidsliv, høge bustadprisar i storbyane og fridomen under pandemien talar til distrikta sin fordel, har storbyane framleis ei magnetisk kraft.

Statistisk sentralbyrå sin siste befolkningsstatistikk er likevel interessant for distrikta. Den syner at Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø alle hadde netto fråflytting i andre kvartal i år.

Størst flyttetap har Oslo.

Rett nok har hovudstaden hatt større innanlandsk tilflytting enn før, men utflyttinga har vore endå større. Netto flyttetap for hovudstaden i dette kvartalet har ikkje vore så stort sidan 1997, trass i at folketalet i Norge veks.

Under pandemien har det vore mange historier om unge som vel å flytte frå byen til eit friare og rolegare «på landet». Digitaliseringa av arbeidslivet saman med nedstenging i storbyane har gjort sitt til dette.

Kanskje endå viktigare er høge bustadprisar.

Eiendom Norge sin ferske «sykepleierindeks» syner at berre litt over ein prosent av bustadane i Oslo er innanfor rekkevidd for finansiering for ein singel sjukepleiar. I Ålesund er nær halvparten av bustadane oppnåelege på ei sjukepleiarløn.

Distriktskommunar som slit med fråflytting har andre utfordringar. Her strevar kommunane med å få nok helsepersonell. Låge bustadprisar er likevel åleine ikkje nok til å snu flyttestraumen. I nokre distriktskommunar er til og med låge bustadprisar eit hinder for nybygging og tilflytting.

Framleis lokkar storbyen meir enn bygda.

Det er nemleg ikkje Larsnes eller Lepsøy som vinn på flyttetapet til Oslo, men Lillestrøm og Lørenskog. Det er storbynære område med litt rimelegare bustadar som har stor folkevekst.

Sentraliseringa held altså fram med stor kraft. Dei enkeltståande historiene om unge par som har satsa på geitefjøs og heimekontor på bygda er dessverre framleis ingen sterk trend.

Skal flyttestraumen gå meir i distrikta sin favør, krev det politisk handling.

I staden for å flytte bygda til byen må vi flytte byen nærare bygda.

Då må vi satse på å utvikle regionale sentra, leggje betre til rette for eit digitalisert arbeidsliv og sørgje for at det ikkje er risikosport å byggje nye bustadar på bygda.