Justisdepartementet har lagt fram forslag til ny lov der formålet er å avdekke, førebyggje og etterforske ulovleg påverknad i Norge utført av framande statar. Intensjonen er god, fordi autoritære statar forsøker å skade norske interesser gjennom å endre folks oppfatningar og skape mistillit til demokratiske institusjonar og prosessar. Det skjer mellom anna via omfattande spreiing av desinformasjon i sosiale medium. Trusselen er størst frå Russland og Kina. Utfordringa er å finne måtar å kjempe mot skadeleg påverknad, utan å svekke grunnleggande menneskerettar. Departementet har ikkje funne den rette balansen i dette lovutkastet.

Forslaget går ut på å straffe dei som samarbeider med framand etterretningsteneste om «å utøve påvirkningsvirksomhet». Ordet «påvirkningsvirksomhet» er definert som aktivitet som andre lands etterretningsteneste gjennomfører med sikte på å «påvirke beslutninger og den allmenne meningsdannelse» i Norge. Det å påverke «den allmenne meningsdannelse» er sjølve ideen med ytringsfridom, og handlar om vanlege bidrag i den offentlege debatten. Risikoen er derfor stor for at heilt lovlege ytringar kan bli straffa.

Lovutkastet er no ute på høyring, og i sitt høyringssvar til departementet bruker Den Norske Advokatforening mellom anna organisasjonen Med Israel for Fred (MIFF) som døme på kva som kan bli konsekvensen: MIFF har sterke band til israelske styresmakter, og det er ikkje utenkeleg at folk i etterretningstenesta deltek i dialogen. Organisasjonen er fullt ut legitim, og har ei stemme i samfunnsdebatten. Men dersom lovforslaget, blir vedtatt, kan ein påtalejurist med liten sans for MIFFs haldningar kome fram til at organisasjonen bryt lova, skriv foreininga, som meiner lovteksten er uklar, og opnar for misbruk.

Presseorganisasjonane er like kritiske til lovforslaget, og viser til at vanleg journalistikk kan bli kriminalisert, det same kan lovlege politiske meiningsytringar og kritikk av styresmakter. Forslaget opnar også for overvaking av lovleg, fortruleg kommunikasjon mellom journalist og kjelde, som igjen kan svekke kjeldevernet, som er ein heilt avgjerande sikkerheitsventil i samfunnet.

Påverknadsoperasjonar frå framande statar er eit reelt problem, men ironisk nok kan dette lovforslaget bidra til å svekke demokratiet – heilt i tråd med det som er målet for fiendtleg påverknad. Av den grunn bør forslaget leggast bort. Kampen mot desinformasjon må kjempast på andre måtar.