Eit stort fleirtal i Kristiansund kommunestyre vil halde folkerøysting om lausriving frå Møre og Romsdal. Med dette er nordmørsbyen eitt steg nærare sitt «brexit».

Seier folket ja til lausriving, må politikarane også gjere det.

Same kor rådgjevande ein seier ei slik folkerøysting er, er det ingen veg utanom å følgje sjølv eit knapt folkefleirtal. Då hjelp det lite at kommunedirektøren meiner at nordmørsbyen har mest å tape på å starte ein slik prosess.

Misnøya med å høyre til i Møre og Romsdal har vore sterk lenge i fleire kommunar på Nordmøre. Det som verkeleg sette sinna i kok var striden om lokaliseringa av nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal.

No er bygginga av nyesjukehuset i gang.

Det blir sjukehuset for Nordmøre også om Kristiansund, Aure og Smøla vel å bli trønderar. Rivaliseringa til storebror i sør, Molde stansar likevel ikkje der.

Mange meiner også at Nordmøre er sveltefôra på statlege og fylkeskommunale satsingar. Statistikken viser at dette er eit standpunkt dei kan hevde med ein viss rett.

Derfor har det også vore rett å prioritere norddelen av fylket.

Når 43 av 45 representantar i Kristiansund kommunestyre torsdag røysta ja til å halde folkerøysting om lausriving, syner det likevel klart at dei meiner at dette ikkje har vore nok.

Sjølvsagt har dei lov til å håpe at trønderske fylkespolitikarar vil vere meir rause og setje investeringar og etableringar i Kristiansund framfor Namsos, Steinkjer eller Trondheim.

Nokon garanti har dei ikkje.

Den risikoen er kommunepolitikarane likevel i sin fulle rett til å ta. Men Kristiansund, Smøla og Aure er ikkje åleine om konsekvensane. Både lausriving og ein langdryg prosess får konsekvensar for resten av fylket.

Med rundt 30.000 færre innbyggjarar er det ikkje gitt at Møre og Romsdal kan halde fram som eige fylke. Difor er dette også eit spørsmål resten av fylket bør engasjere seg i.

Kor lenge ein skal halde fram å prioritere satsingar på eit område som vil lausrive seg?

Bak prosjekt som nytt operabygg og Campus Kristiansund, står andre prosjekt i fylket med hatten i handa og ventar på tur. Kor lenge skal dei finne seg i det? Det vil også vere rettferdig overfor Trøndelag å vente med større investeringar som Trøndelag må bere dei langsiktige kostnadane for.

Det er behov for ei snarleg avklaring.

Den prosessen som Kristiansund har starta no, har ingen slik snarleg sluttdato.