Ein ting lærte utbrotet av koronapandemien oss: Korkje smittevern-beredskapen eller intensivkapasiteten ved sjukehusa våre var rusta for dette sjokket.

No må vi vise at vi tar konsekvensen av denne lærdomen.

Det første vi må gjere er å straks falle tilbake til gamle synder og svekkje beredskapen vi har bygd opp det siste halvanna året.

Ved pandemiutbrotet i fjor braut den globale forsyningskjeda av smittevernutstyr saman. Tilfeldigheiter, økonomi og ulike handelshindrande tiltak avgjorde kven som vann i ein alle sin kamp mot alle.

Mangel på så enkle ting som munnbind, eingonghanskar, handsprit og smittevernfrakkar vart kritisk for sjukehus og eldreomsorg i svært mange europeiske land.

Produksjonen av slikt utstyr var for lengst flytta til lavkostland i Asia, og beredskapslagera var altfor små til å kunne takle ei slik krise.

Som eit resultat av denne situasjonen såg mellom andre sykkylvsbedrifta Innovern dagens lys. Bedrifta etablerte i løpet av få månader ein stor produksjon av mellom anna munnbind.

I dag sysselset Innovern 17 årsverk i skift og produserer over 100.000 munnbind dagleg. Slik bidrar den til å styrke sjølvforsyninga av smittevernutstyr og styrke den nasjonale beredskapen.

Bedrifta har også satsa hardt på å utvikle nye, betre munnbind.

Så langt alt vel. Problemet er at bedrifta lever på lånt tid den dagen vi går tilbake til «normalen». Når den noverande kontrakten med Sykehusinnkjøp går ut ved nyttår, står bedrifta på bar bakke.

Norsk produksjon av slikt utstyr er sjanselaus mot lavkostland.

Skal vi ha slik produksjon som ein del av den nasjonale beredskapen, må styresmaktene ta grep. Det må stillast fleire krav til både utstyr og leverandør enn pris i anboda om bedrifter som Innovern skal overleve.

Norge er eit lite land med ein open økonomi som og er tent med få handelshindringar, både for å trygge vår eksport og import. Når det gjeld vår nasjonale beredskap må vi likevel kunne gjere unntak.

Anten åleine eller som ein del av eit nordisk samarbeid må vi sikre betre forsyningar, lagerhald og produksjonsberedskap av kritisk utstyr til helsevesenet.

Ei djupare analyse av kva slags produkt dette bør omfatte og korleis det bør organiserast er naudsynt.

Men før ei slik grundig analyse ligg føre, må vi sørge for å unngå at produksjon som allereie er etablert, må leggast ned. Eit snarleg unntak frå dagens anbodsregime er difor naudsynt.