Fontenehusa har arbeid som både middel og mål for å hjelpe menneske med rusproblem og psykiske vanskar ut av isolasjon og einsemd. Den 28. august vart Fontenehuset i Ålesund opna, og frå nyttår skal huset vere i drift, med tre tilsette og 30 medlemmar. Det er all grunn til å gratulere Sunnmøre med eit nytt og viktig tilbod.

Det var fleire kritiske røyster i kommunestyret i Ålesund då politikarane skulle ta stilling til om kommunen skulle søke om å få opprette fontenehus. I ei tid då Ålesund slit med å finansiere lovpålagde oppgåver, er ikkje skepsisen vanskeleg å forstå. Sjølv om staten finansierer drifta det første året, så vil alle kostnadane gradvis bli overført til kommunen. Når vi likevel meiner dette er ei forsvarleg investering, er det fordi fontenehus andre stadar i landet har vist seg å vere ein god veg for mange inn i arbeidsliv og fellesskap.

Psykiske lidingar er den viktigaste årsaka til at unge blir arbeidsuføre. Mellom unge vaksne i alderen 25 til 29 har talet på uføretrygda blitt meir enn dobla dei siste ti åra. Først og fremst rammer dette den enkelte person som får svekka sin livskvalitet, men også samfunnet blir skadelidande. Kostnadane er store, og samfunnet går glipp av alt det positive som desse menneska kunne ha bidratt med i arbeidslivet.

Fontenehuset er ein arbeidsplass i seg sjølv, med ei rekkje oppgåver som skal utførast kvar dag. Huset skal driftast, mat skal lagast, toalett skal vaskast, og planar skal leggast for jobbsøking og andre aktivitetar.

Det unike med fontenehus-modellen er at tilsette og medlemmer arbeider saman som kollegaer, og driftar huset i fellesskap. Det trengst verken diagnose eller tilvising frå lege for å bli medlem, og dermed er det lav terskel for å ta kontakt. Personar som har fått behandling i psykiatrien, kan ha behov for ei overgangsordning før dei er klare til å gå inn i fast arbeid. Fontenehuset ser ut til å fylle eit tomrom mellom institusjon og arbeidsliv. Mange menneske har gjennom medlemskap i fontenehus, fått ein ny start i livet, og kome seg ut av trygdesystemet og inn i ordinært arbeid.

Ei undersøking som vart gjennomført mellom nær 2.000 medlemmer i fontenehus i 2019, viste at nesten halvparten hadde kome seg i jobb, utdanning eller hadde fått arbeidspraksis. I tillegg rapporterte svært mange om betre livskvalitet, og 63 prosent hadde redusert behovet for helsetenester. Det finst i dag 21 fontenehus i Norge, og fleire er under planlegging. Det er gledeleg at dette arbeidet fører til at fleire får oppleve arbeidsglede, fellesskap og at samfunnet har bruk for dei.