Sunnmørsposten meiner:

«Demokratiet må ikkje takast for gitt»

Stortingsval: I dag skal det avgjerast kven som skal styre Norge dei fire neste åra.   Foto: Terje Bendiksby/NTB

Høg valdeltaking er viktig for legitimiteten til folkestyret

Leder

Norge er best på demokrati, pressefridom, ytringsfridom, inntekt per innbyggar, forventa levealder – kort sagt: Norge er verdas beste land å bu i, ifølgje FNs indeks for menneskeleg utvikling (HDI). Norge har toppa denne lista i snart to tiår – under ulike regjeringar – og det viser styrken ved den norske samfunnsmodellen. Demokratiet er verdt å feire, og det gjer vi ved å delta aktivt, og bruke stemmeretten.

Rekordmange har stemt på førehand i år, og det lovar godt. Meir tilgjengelege vallokale, pandemi og praktiske løysingar kan vere forklaringa. Dersom oppteljinga i kveld viser at det også er rekordstor valdeltaking, vil det vere svært gledeleg. Høg valdeltaking er viktig for legitimiteten til folkestyret.


Sjølv om Norge har eit solid demokrati, må vi aldri tru at dette kjem automatisk, og at det ikkje kan svekkast. Folkestyret er avhengig av at folk engasjerer seg. Vi er privilegerte som kan vere med på å avgjere kven som skal styre landet vårt, kva saker som bør prioriterast, og korleis pengane skal forvaltast. Dette er på ingen måte sjølvsagt i alle land. Takk til alle folkevalde som gjer ein jobb for fellesskapet. Dersom belastninga med å vere folkevalde blir så stor at folk vegrar seg for å stille til val, er det eit alvorleg problem for oss alle. På sikt kan det sette heile demokratiet i fare.

Vern om mindretalet, er eit heilt avgjerande prinsipp i ein demokratisk rettsstat. Toleranse for meiningar som er upopulære, og respekt for den enkelte sin trus- og ytringsfridom er heilt avgjerande. Derfor må vi vere på vakt mot alle utviklingstrekk som set dette viktige prinsippet i fare.

Medan Norge toppar demokrati-indeksen, finn vi det kommunistiske diktaturet Nord-Korea i den andre enden av skalaen. Demokrati, rettsstat og menneskerettar er uløyseleg knytt til kvarandre. Utan det eine, har vi ikkje det andre. Derfor er det verdt å tenke over kva verdiar vi vil skal prege samfunnet vårt.

Opplæring i demokrati bør starte tidleg. Alle bør lære å løyse usemje og konfliktar på ein fredeleg måte. Det er viktig med kunnskap om demokratiske spelereglar, om maktfordeling og korleis landet vårt blir styrt. Redd Barna har vore med på å utvikle eit undervisningsopplegg om demokrati som mange skular har brukt no i samband med stortingsvalet, og i år er det gitt ut fleire bøker for barn om folkestyre, konstitusjon og val. Dette er kunnskap som bidreg til å styrke grunnmuren i samfunnet.

I dag skal eit nytt Storting veljast. Vi bur i verdas beste demokrati, og er meir enn heldige som får lov til å delta.

Godt val



Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder