Kjell Ingolf Ropstad gjorde det einaste rette då han laurdag trekte seg som statsråd og leiar for Kristeleg Folkeparti. Det mest overraskande var at han ikkje innsåg det sjølv allereie fredag, men i staden uttrykte håp om å få kunne halde fram i begge desse rollene. Det var heilt umogleg, og det måtte han erkjenne nokre timar seinare.

Kristeleg Folkeparti har markert seg som eit parti som kjempar for dei aller svakaste i samfunnet. Dersom dei framleis skal ha truverd i dette arbeidet, kan dei ikkje samtidig ha ein leiar som har forsøkt å unngå å betale skatt. Det heng ikkje i hop. For uansett om det han har gjort er lovleg eller ikkje, så har han handla uklokt og i strid med folks skattemoral. Eit velferdssamfunn med plass til alle kostar pengar. Det betyr at alle i fellesskapet må bidra, og det gjeld i høgste grad ein KrF-leiar.

Det var Aftenposten som avslørte at Ropstad i fjor tok aktive grep for å unngå å betale skatt på statsrådsbustaden. På pressekonferansen laurdag fekk statsminister Erna Solberg spørsmål om kva Statsministerens kontor (SMK) kunne gjort annleis i denne saka. Ho sa at SMK hadde oppfatta skattereglane på dette området som uklare. I oktober 2020 tok SMK kontakt med Skatteetaten for å finne ut om Ropstad skulle betale skatt på fordelen av statsrådsbustaden. Han vart også oppmoda om kontakte skatteetaten sjølv, noko han gjorde. Statsministeren peika på at dersom meir av dialogen hadde gått føre seg skriftleg, kunne ein ha unngått at det oppstod misforståingar.

Nyleg har det også kome fram at administrasjonen i Stortinget har tolka regelverket feil, fordi dei har lagt til grunn at alle som bur i Stortingets leilegheiter skal sleppe å betale skatt på denne fordelen. Formålet med ordninga er at dei som bur utanfor Oslo skal sleppe doble buutgifter når dei får plass på Stortinget. Mange har familien buande på heimstaden, og det skal vere mogleg å halde kontakt med veljarane i heimfylket. At dei folkevalde skal sleppe doble buutgifter er både rett og rimeleg, og nødvendig for å sikre representasjon frå heile landet på Stortinget. Men det var aldri meininga at stortingsrepresentantane skulle sleppe alle kostnadar med bustad. Dei må ha utgifter for å sleppe skatt, så dette må det ryddast opp i.

Denne saka viser at det er behov for gjennomgang av eit regelverk som har vore utydeleg for mange. Likskap for lova og rettferdig praktisering av reglane er avgjerande for at folk skal ha tillit til skattesystemet.

Uklarheit og misforståingar fritek likevel ikkje Ropstad for ansvar. Han har erkjent at han har handla feil, og tatt konsekvensen av det. Det er viktig for at partiet skal kunne legge denne saka bak seg, og sjå framover.