Sjokkprisane på elektrisk kraft bør få alarmen til å gå hos norske politikarar. Lagt på toppen av ein venta renteauke kan dette gi ein tøff vinter for mange.

Svaret er likevel ikkje å strype eksporten.

Både på kort og lang sikt er det ei dårleg løysing. På kort sikt bør staten vurdere å kutte i forbruksavgifta. På lengre sikt er auka produksjon det einaste fornuftige svaret.

Jonas Gahr Støre (Ap) får ei kraftkrise i fanget alt på første arbeidsdag som statsminister. I delar av Norge er nye prisrekordar allereie sett. Til vinteren blir det endå verre.

Både vanlege hushaldningar og industrien får svi.

Elkem er no blant fleire som krev at staten bremsar eksporten. Både omsynet til høge kraftkostnader, forsyningstryggleik og norsk industri si konkurransekraft ligg bak stadig slike krav.

Skal politikarane ty til slike grep, er det einaste kollaps i forsyninga som kan forsvare det. Høg pris på kraft er ikkje god nok grunn for å gripe inn. Makta til prisregulering gav politikarane frå seg då elmarknaden vart deregulert på 90-talet.

Det er heller ingen grunn til å ønske seg tilbake dit.

Dereguleringa har gitt oss ein betre fungerande marknad og tryggare el-forsyning. Norske forbrukarar og industri har også i det store og heile tent på eksporten ved at vi normalt sel dyrt, importerer billeg og får mindre svingingar.

I enkelte periodar toppar det seg likevel. Då vi får sjå den frie marknaden si bakside. Vi har hatt fleire slike straumkriser dei siste tiåra. Då kjem alltid kravet om regulering og eksportstopp.

No ventar ekstrarekning på 2.000 kroner i månaden på ein normal husstand.

I tillegg kan norsk industri kome til å trappe ned produksjonen og heller selje kraft til utlandet. Årsaka til prissjokket er mellom anna låge magasinfyllingar i Norge og høge prisar på CO₂. Presset på den nye regjeringa om å handle, vil bli sterkt.

Årets prissjokk er dessverre neppe eit eingongstilfelle. Elektrifiseringa av bilparken og norsk sokkel og grøne industrisatsingar gjer at vi treng stadig meir straum i åra som kjem. Og vi er ikkje åleine.

Også Europa vil treng sterk vekst i tilgangen til fornybar energi.

Berre ei sterk auke i utbygginga av fornybar energi kan løyse dette på lang sikt. Det må skje raskt. Elles er det ikkje lenge før den neste kraftkrisa bankar på døra. Eksportstopp er ikkje eit krisegrep mot høge straumprisar. Skal regjeringa hjelpe norske straumkundar, må den heller kutte i den statlege forbruksavgifta.