Molde-ordførar Torgeir Dahl (H) har handtert påstandane om samrøre med Statens vegvesen om Møreaksen dårleg. Dette tener ikkje tilliten til prosessen, og tener heller ikkje Møreaksen.

Openheit må vere første bod i forvaltninga sitt virke.

Her har både Dahl og Statens vegvesen synda grovt. Slik saka om eit møte mellom Dahl, Statens vegvesen og Møreaksen har utvikla seg, ser det snarare ut til at møtet er forsøkt halde skjult. Det skadar ein allereie skjør tillit.

I 2019 bestilte Samferdselsdepartementet ei tilleggsutgreiing om trasévalet for ferjefri E39 over Romsdalsfjorden. Den skulle ta for seg alternativet Romsdalsaksen på nytt med bakgrunn i at ny flytebru-teknologi kunne endre det økonomiske reknestykket.

Nyleg avsløre avisa Tidens Krav ei rekkje forhold i den prosessen som fortener kritisk søkjelys.

Ei av opplysningane som kom fram var at Statens vegvesen hausten 2019 hadde eit møte med Møreaksen AS. Her skal det ha kome innspel om å ta med ting i utgreiinga som ville tale til Romsdalsaksen si ulempe. I Tidens Krav si framstilling var det også tydeleg at Molde-ordføraren måtte vere den same som møtedeltakar «Torgeir».

Dahl reagerte kraftig. Han avviste å ha kunnskap om møtet, og kalla Tidens Krav si sak for pøbeljournalistikk. Han meiner han på urimeleg vis er framstilt som ein som driv uheiderleg påverking av Statens vegvesen. Han har også klaga avisa inn for Pressens faglege utval (PFU).

No viser det seg at Tidens Krav hadde rett.

Etter eit så knallhardt motangrep må dette vere flaut for ordføraren. Verre er det at dette ser ut som eit dårleg forsøk på å halde si involvering i saka skjult for offentlegheita. Handlemåten er mildt sagt klønete.

Sjølvsagt kan det vere både rett og plikt for ein ordførar å delta i møter med Statens vegvesen og andre forvaltningsorgan i saker som er av stor interesse for ein kommune. Det kan til og med vere ei unnlatingssynd å la vere.

Dahl hevdar han har gløymt møtet. Snart to år er gått.

Det forsvarar uansett ikkje at opplysningane ikkje er gjort tilgjengeleg for offentlegheita, heilt uavhengig av innhald og legitimitet for eit slikt møte. Om møtet var gått i gløymeboka, burde det vore openheit om at Dahl kunne ha vore deltakar.

I ei så betent sak er dette lite forlangt.

Mangelen på openheit gjer no at spekulasjonane om eit uheldig samrøre og kravet om ny omkamp om trasévalet får ny næring. Tilliten er svekka. Det var det siste denne saka trengde.