Det er positivt at det blir jobba målretta med å få fleire kvinner til å velje mannsdominerte yrke som fiskeri og bygningsfag. Nyleg vart det lagt fram ein likestillingsstrategi som framheva at kvinner er sterkt ønska i fiskerinæringa. For å få til dette er det både behov for å snu haldningar, og fjerne barrierar som hindrar kvinner i å bli fiskar og fiskebåtreiar på lik line med menn. Her er det ein jobb som må gjerast. På same måte er det positivt at fleire jenter er blitt utfordra til å velje teknologi og realfag dei siste åra.

Like viktig som å få kvinner til å velje utradisjonelt, er det å få menn til å tenke nytt. Norge har ein svært kjønnsdelt arbeidsmarknad, og det er få menn som går inn i såkalla omsorgsyrke. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at berre rundt 10 prosent av dei tilsette i barnehagar i Norge er menn, og det er store skilnadar mellom fylka. Medan over 17 prosent av dei barnehagetilsette i Oslo er menn, er det berre seks prosent mannlege barnehagetilsette i Møre og Romsdal. Saman med Rogaland ligg Møre og Romsdal på botnen av denne statistikken. Behovet for å tenke nytt er derfor ekstra stort i denne delen av landet.

Målet er ikkje å oppnå jamn kjønnsbalanse i alle yrke, men å sørge for at menn og kvinner har like moglegheiter til å velje utdanning og yrke. Fordommar og inngrodde haldningar kan innskrenke unges valfridom. Jenta som vil bli fiskar, og guten som vil bli barnehagelærar må bli møtt med like stor respekt.

Barnehagane har ansvar for å gi både gutar og jenter dei beste moglegheitene til å utvikle seg. Det er flest gutar som er taparar i skulen, som får diagnosar på åtferdsproblem og som droppar ut av vidaregåande. Det førebyggande arbeidet må starte så tidleg som mogleg, og tilsette i barnehagane kan gjere ein stor skilnad. Mange barn har lite eller ingen kontakt med far eller andre mannlege omsorgspersonar, og då er det verdifullt å oppleve andre gode mannlege rollemodellar. At barn får ein god oppvekst, er avgjerande for framtida. Ikkje berre for det enkelte barn, men også for samfunnet.

Sjølv om kjønnsrollene på mange område har endra seg dei siste tiåra, er mønsteret stort sett det same innan pleie og omsorg. Det er behov for fleire menn som ser verdien av å jobbe med eldre på sjukeheimar og i heimesjukepleia.

I iveren etter å få fleire jenter til å velje utradisjonelt, må vi passe på så vi ikkje snakkar ned dei yrka som i dag sysselset flest kvinner. Det er tvert om behov for å heve statusen til omsorgsyrka som samfunnet ikkje kan klare seg utan.