Arbeidsløysa går ned. I enkelte bransjar er mangel på arbeidskraft eit større problem enn mangel på arbeid. Dessverre er ikkje alle invitert til gjenopningsfesten etter pandemien.

Talet på langtidsledige er alarmerande.

Særleg urovekkjande er utviklinga for dei som har vore lengst ledige. Det siste året har talet på dei som har vore ledige i meir enn eitt år auka.

Mange som vart utan arbeid i første fase av pandemien, er altså ikkje fanga opp i den økonomiske oppturen.

Utviklinga peikar elles i positiv retning. NAV hadde ved utgangen av september registrert 2,4 prosent av arbeidsstyrken som heilt ledige. I Møre og Romsdal var talet to prosent.

I absolutte tal er det no færre heilt utan arbeid enn gjennomsnittet for dei ti siste åra, også om vi tek ekstremtala frå i fjor ut av reknestykket.

Vi er med andre ord tilbake til normalen.

Så positivt er det likevel altså ikkje for langtidsledige.

Etterslepet er her urovekkjande. Sjølv samanlikna med tida etter finanskrisa i 2008 og oljekrisa i 2014 er tala høge.

Om dette bit seg fast, er vi ille ute. Først for dei som er ledige. Jo lenger ein person er utan arbeid, jo høgre vert terskelen for å kome seg inn att.

Faren for å hamne varig utanfor arbeidsmarknaden er stor.

Det kan føre til sosialt utanforskap, nedsett helse og livslange økonomiske utfordringar og problem. For samfunnet aukar kostnadane til trygdeytingar, og gir tap i verdiskaping.

At mange unge er langtidsledige er ekstra alvorleg.

Målretta tiltak for å få ned dette talet raskast mogeleg er avgjerande. Det dette vil koste vil betale seg attende fleire gongar både for samfunnet og for den enkelte sin økonomi og livskvalitet.

Eitt viktig tiltak for å hjelpe folk i jobb er sjølvsagt å skape nye arbeidsplassar.

Når talet på langtidsledige bit seg fast til trass for at mange bransjar skrik etter arbeidskraft, viser dette at det ikkje er nok.

Mange av dei langtidsledige har lite formell kompetanse. Blant unge langtidsledige manglar mange yrkeserfaring i tillegg. Tiltak og ordningar som tettar dette kompetansegapet må prioriterast og trappast opp.

Når talet på dei lengst ledige framleis stig, syner det at ordningane og innsatsen vi har i dag ikkje er tilstrekkeleg.