Sunnmørsposten meiner:

«Positivt at fleire barn får tilgang til fritidskort»

Fritid: Fritidskortet gjer det muleg for barn å delta i mange ulike aktivitetar, som hesteklubb, speiding og korps.   Foto: Gorm Kallestad/NTB

Derfor heier vi på alle tiltak som kan bidra til at fleire barn og unge får oppleve fellesskap

Leder

Utanforskap er ei av dei største samfunnsutfordringane i Norge i dag. Derfor heier vi på alle tiltak som kan bidra til at fleire barn og unge får oppleve fellesskap, også på fritida. I forslaget til statsbudsjettet for neste år ligg det inne 225 millionar kroner for å starte nasjonal utrulling av ordninga med fritidskort, og det er ingen ting som tyder på at den nye regjeringa vil stryke dette.

Volda og Kristiansund har deltatt i prøveordninga med fritidskort, og frå neste haust kjem også Ålesund og Giske med. Ordninga går ut på at barn og unge frå seks til 18 år får tusen kroner i halvåret som dei kan bruke på ein eller fleire faste, organiserte fritidsaktivitetar. I Volda kan du mellom anna velje mellom fotball, handball, volleyball, judo, korskule, ballett, hesteklubb, korps, speiding, teater eller kodeklubb for å lære teknologi på fritida. Dette er svært positivt, og kan få stor betydning for oppvekstmiljøet.

Fritidskortet er ei statleg ordning, men den enkelte kommune kan legge til rette for at fleire aktørar, som lokalt næringsliv eller organisasjonar, kan bidra med fleire midlar, slik at summen per barn blir høgare. Eit viktig poeng er at dette er ei ordning som alle kan søke på, uavhengig av familiens økonomi. Dermed unngår ein at brukarane av ordninga vert stigmatiserte.


Økonomer: Familier med flere barn blir budsjettvinnere

Flere tiltak for å løfte barnefamilienes økonomi styrkes eller innføres i forslaget til statsbudsjett for 2022. Best er det for dem med mer enn ett barn.


I 2009 tok privatpersonen Ann Kristin Bekkevoll initiativ til ei ordning med opplevingskort i Ålesund, som gav barn frå låginntektsfamiliar høve til delta i aktivitetar, til dømes ved rabatterte eller gratis billettar til kino og opplevingsparkar. Bekkevoll ville hindre at barn vart ekskluderte frå fritidstilbod på grunn av foreldra sin økonomi, og kortet vart tatt i bruk av mange kommunar. Møre og Romsdal fylkeskommune valde å avvikle opplevingskortet i 2015, mellom anna fordi dei konkluderte med at det var for krevjande å administrere ordninga.


Rapport: Korps og kor bidrar med milliarder til samfunnet

Kor, korps, orkestre og lignende bidrar med en samfunnsnytte verdt 15,8 milliarder kroner årlig, ifølge en fersk rapport som kulturministeren mottar fredag.


I fjor kom ein digital versjon av opplevingskortet som no har fått namnet «Join», som gjer det enklare for kommunane å bruke kortet. Medan regjeringas fritidskort gir økonomisk tilskot til alle barn for å delta i organiserte fritidsaktivitetar, er opplevingskortet «Join» målretta mot barn i låginntektsfamiliar og uorganiserte aktivitetar. Dei to tilboda kan såleis utfylle kvarandre.

Det er viktig at kommunane tek i bruk ordningar som kan sikre gode fritidstilbod for alle, også for dei barna og ungdommane som av ulike grunnar står i fare for å falle utanfor samfunnet.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder