Sunnmørsposten meiner:

«Barna må hentast heim frå Syria»

Barndom: Fire barn med norsk statsborgarskap held til i leirane i Nord-Syria.   Foto: Alessio Romenzi / UNICEF

Risikoen er truleg endå større ved å la dei bli verande

Leder

Norge er eit av fleire land som er blitt oppmoda av FN om å hente heim eigne borgarar frå leirane Al-Hol og Roj i Syria. Fire norske kvinner med til saman fire barn held til i desse leirane. Av omsyn til barna, bør dei hentast heim til Norge. Det er urimeleg å krevje at kurdarane i Nord-Syria skal ta seg av tusenvis av IS-krigarar i årevis. Dei fire barna er norske statsborgarar, og i motsetnad til mødrene, har dei aldri valt å slutte seg til ein terrororganisasjonen.

Enkelte meiner at Norge utset seg for stor tryggingsrisiko ved å hente IS-kvinner og barn til Norge, men risikoen er truleg endå større ved å la dei bli verande. Det er fleire ekstremistiske organisasjonar som i dag driv opplæring og indoktrinering i leirane, og som ønskjer å skape framtidige terroristar. Barna som har vore vitne til halshoggingar og andre grufulle hendingar, er eit lett bytte. Med norsk pass vil dei før eller seinare ha rett til å kome til Norge.

Ein anna grunn til å hente kvinnene, er behovet for å ta oppgjer med den ideologien som i utgangspunktet inspirerte kvinnene til å reise. Ei 30 år gamal kvinne er i Tyskland dømt til 10 års fengsel for deltaking i terrororganisasjonen IS. Tyske media har omtalt korleis IS-mannen hennar mishandla ei fem år gamal yazidi jente, som han hadde kjøpt som slave. Då den vesle jenta vart straffa ved å bli bunden fast utandørs, fordi ho hadde tissa i senga. Barnet døydde av tørst i solsteika. Den tyske kvinna meinte at ho ikkje kunne ha gjort noko for å hindre at dette skjedde, men vart ikkje trudd. Ho burde ha gjort noko meir, enn å vere ein passiv tilskodar.

Det er behov for å flombelyse ideologen som kan få nokon til å utføre slike umenneskelege handlingar. Medan nazistane opererte med kategoriane overmenneske og undermenneske, basert på rase – har islamistane dei same kategoriane basert på religion. Personar som deler islamistane si tolking av Koranen er overmenneske, medan dei vantru er undermenneske. Kategorien vantru omfattar både ateistar, kristne, moderate muslimar, jødar – kort sagt alle som ikkje deler det ekstremistiske tankegodset. Sidan dei vantru, ifølgje islamistane, ikkje har menneskeverd, opnar ideologien for dei mest uhyrlege handlingar. Dette må ikkje bagatelliserast.


Kvinnene som har deltatt i terrororganisasjonen må stillast for retten, og ta ansvar for sine handlingar. Barna er uskuldige, og må hentast til Norge for å få den oppfølginga dei treng. Vi kan ikkje passivt sjå på at barna går til grunne.



Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder