For det store fleirtalet av kommunane er det ein hard kamp å få tak i nok sjukepleiarar. I ei KS-undersøking svarar 100 av 179 spurte kommunar at dette er svært utfordrande.

Berre to seier det ikkje er noko problem.

Lite tyder på at det er den siste gruppa som kjem til å auke mest i åra som kjem.

Tvert om tyder alt på at kampen for å rekruttere og halde på sjukepleiarar i kommunehelsetenesta berre kjem til å auke framover.

Sjukepleiarar er den enkeltgruppa kommunane har størst utfordringar med å rekruttere. Etter dette kjem legar, psykologar og vernepleiarar. Dei siste tala fortel at det i dag manglar 7.000 sjukepleiarar i Norge.

Statistisk sentralbyrå (SSB) sine prognosar spår ei firedobling av dette talet dei neste 15 åra.

Auka utdanningskapasitet og innsatsen for nyrekruttering klarer ikkje å halde tritt med veksten i behovet. Denne veksten har si årsak mellom anna i eit større tal eldre i befolkninga og at kommunehelsetenesta har fått mange nye oppgåver, særleg i kjølvatnet av Samhandlingsreformen.

På toppen av dette er fråfallet stort. Altfor mange sluttar i yrket få år etter at dei har fullført utdanninga si. I ei undersøking som fagbladet Sykepleien publiserte i sommar, svarte nær tre av fire at dei har vurdert å slutte i yrket det siste året.

Sjølv om dette kan vere sterkt påverka av ekstrabelastninga under pandemien, er dette alarmerande tal.

Det er ei enorm oppgåve å snu denne trenden. Rekrutteringsinnsatsen dei seinare åra har ikkje hatt god nok effekt.

Opptrappinga i talet på studieplassar er også langt unna å kompensere for fråfallet.

Blant dei 18 kommunane på Nordvestlandet som har svart på KS sitt arbeidskraftbarometer, har heile 15 svart at det er ganske eller svært utfordrande å skaffe nok sjukepleiarar.

Berre dei tre kommunane Ulstein, Herøy og Volda nøyer seg med å svare at det berre er «litt» utfordrande.

Giske, Hareid og Stranda er mellom den tredjeparten som meiner det er svært utfordrande.

Underbemanning, misnøye med løna, turnusbelastning, høgt arbeidspress og stort innslag av ufrivillig deltid er faktorar som dreg i mest motsett retning i fylgje undersøkinga til Sykepleien.

Eit veksande underskot på sjukepleiarar har ein klar og føreseieleg konsekvens: Kvaliteten på helsetenestene vil bli svekka i ei tid der befolkninga sine krav til kvalitet aukar.

Dette er ei varsla krise, men kriseforståinga ser framleis ut til å vere svak.