Stad skipstunnel er utsett nok ein gong. Knapt noko samferdsleprosjekt har opplevd fleire utsetjingar enn dette.

No må regjeringa ein gong for alle garantere for at dette blir den siste.

Kystbefolkninga og dei sjøfarande fortener ikkje fleire, og bør ikkje bli utsett for at det blir skapt ny usikkerheit om viljen og evna til å gjennomføre prosjektet.

Då Stortinget vedtok bygging av Stad skipstunnel i vår var det mange som endeleg kunne sleppe jubelen laus etter tiår med tilbakeslag og meir enn 20 utgreiingar.

Bygginga skulle endeleg vere sikra. Byggestart var fastsett til neste år. 440 millionar kroner var sett av på budsjettet.

No er dette i barbert med 365 millionar av den nye regjeringa. I tillegg foreslår den å flytte prosjektet frå Samferdselsdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet.

I seg sjølv treng ikkje dette vere den brattaste nedturen i skipstunnelen si historie, så lenge forklaringa no er reint praktiske årsaker. Arbeidet med å klargjere til byggestart har rett og slett tatt lengre tid enn planlagt.

Dessutan står det att ei startløyving på 75 millionar til neste år.

Det bør i praksis bety byggjestart neste haust, og er bygginga først i gang, er det ingen veg tilbake.

Det hadde vore langt verre om det ikkje var løyvd ei einaste krone neste år.

Slik dette prosjektet har blitt behandla på av skiftande regjeringar og Stortinget gjennom åra, er det likevel ikkje til å unngå at det spreier seg ei viss uro.

Flyttinga til nytt departement er eit tilleggsmoment til dette.

I motsetning til Samferdselsdepartementet har Nærings- og fiskeridepartementet null erfaring med tunnelbygging. Frykta er derfor at dette kan gi nye forseinkingar.

Stad skipstunnel vil vere enormt viktig for sjøfart, næringsliv og befolkning, ikkje berre på Nordvestlandet men for heile Vestlandet. Først og fremst vil realiseringa vere eit tidsskilje for tryggleiken for mindre fartøy.

Ringverknader for næringsliv og potensialet for ny regionbygging vil i tillegg ha stor verdi.

Dette må ikkje setjast i spel nok ein gong.

Om det er slik at oppstarten på bygginga blir utsett med nokre få månader, så lever nok dei fleste greitt med det.

Det er ikkje kva side av nyttår neste år den første salven går som er avgjerande. Det som betyr noko er at lunta blir tend.

Regjeringa må vere tydeleg på at ingenting vil rokke ved det, og at den heilt og fullt vil stå bak vedtaket Stortinget gjorde i mai i år.