Etter to veker med intense forhandlingar på klimatoppmøtet i Glasgow, vart det semje om avtale seint laurdag kveld. Avtalen er eit viktig steg i rett retning, sjølv om den ikkje er perfekt. Nesten 200 land er einige om å forsterke 1,5 graders målet. Det betyr at klimautsleppa må kuttast med 45 prosent innan 2030, samanlikna frå 2010, og at verda må vere klimanøytral innan rundt 2050.

Det er ikkje formuleringane i klimaavtalen som bergar kloden, men arbeidet som blir gjort i det daglege, av politikarar, organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar. Toppmøtet er likevel viktig fordi det stakar ut ein kurs, får land til å samarbeide om felles mål, og får fleire til å innsjå alvoret i situasjonen. Temaet blir sett på den internasjonale dagsorden, og det er nødvendig. Vitskaplege rapportar og sterke historier får fleire til å vakne.

Den personlege talen til visepresident for EU-kommisjonen, Frans Timmerman under toppmøtet, fekk klart fram kva klimakampen eigentleg handlar om: Han viste fram eit foto av barnebarnet sitt som vil vere 31 år i 2050, og sa «Dersom vi lukkast vil han leve i ei verd som er leveleg, i ein økonomi som er rein, med luft som er rein. Dersom vi mislukkast, vil han kjempe med andre menneske om mat og vatn».

Det skapte frustrasjon hos mange at India, med støtte av Kina, heilt i innspurten av forhandlingane klarte å vatne ut formuleringar i avtalen om bruk av kolkraft og fossil energi. Likevel er det bra at avtalen vart vedtatt. Det er første gong reduksjon av kolkraft er blitt omtalt i ein klimaavtale, og det gir viktige føringar framover. Dei rike landa vart oppmoda om å doble bidraga til verdas fattige land.

Norge hadde ei sentral rolle i forhandlingane om å få vedtatt nye reglar for kvotehandel, og det er gledeleg at det vart oppnådd semje. Dei nye reglane sikrar at kvotar ikkje blir telt to gonger: Dersom eit land betaler for utsleppsreduksjon i eit anna land, så kan ikkje begge land rekne inn gevinsten i sine klimarekneskap.

Sjølv om det er tatt viktige steg framover i Glasgow, står verda framleis på randa av klimakatastrofe. Det er nødvendig at alle land skjerpar sine frivillige nasjonale klimamål, og hevar ambisjonane før neste års klimatoppmøte. Jobben med å oppfylle Glasgow-avtalen startar no, og den involverer oss alle saman.