Flate budsjettkutt ved norske domstolar har ikkje mykje med effektivisering å gjere lenger. Snarare tvert om.

Kapasiteten blir strypt, nytt utstyr blir sett på vent og dommar-årsverk vert brukt på administrasjon.

Slik går den såkalla ABE-reforma (avbyråkratisering og effektivisering) ut over både den dømande verksemda og saksavviklinga ved domstolane.

No er det på tide domstolane får ei pause frå slike kutt.

ABE-reforma vart innført av Solberg-regjeringa. Så seint som i oktober lovde Ap-nestleiar Hadia Tajik å skrote den. Det er ikkje gjort i framlegget til budsjettendringar frå regjeringa.

Her burde regjeringa i det minste klart å ta eit unntak for norske domstolar.

Dei har så langt kutta 100 millionar i åra med denne reforma. I framlegget til statsbudsjett for neste år står 14 millionar i nye, flate kutt for døra.

For domstolane er dette ein betydeleg sum.

I praksis er det to stadar slike kutt kan takast, på lønsbudsjettet og på utstyr til rettssalar. Resultatet blir færre tilsette, først og fremst saksbehandlarar, og mindre pengar til nytt utstyr som kan bidra til å modernisere og effektivisere drifta.

Domstolane må sjølvsagt også finne seg i at det blir stilt krav til korleis pengane blir brukt, og også her er det betydeleg potensial for ei meir effektiv drift. Ikkje minst bør digitaliseringa som er på gang gi gode resultat.

Gevinsten kan likevel ikkje hentast ut før tiltak er gjennomført. Motsett rekkefølgje gir svært uheldige konsekvensar.

Når domstolen blir skrapa for saksbehandlarar, blir dommarar nøydde til å gjere noko av deira jobb. Det er dårleg utnytting av kompetanse, går ut over kapasitet og gir dårleg økonomi, sidan dommarårsverka er dyrare.

Dommarårsverk er ikkje akkurat overskotsvare.

Over halvparten av dommane ved norske domstolar blir avsagt av dommarfullmektigar, altså ein mellombels, fersk dommar med maksimalt tre års fartstid.

Det må vere eit mål å få opp andelen embetsdommarar. Det gjer ein neppe ved å lesse på dei stadig fleire administrative oppgåver.

Ap-Sp-regjeringa har allereie signalisert at den vil reversere domstolsreforma. For domstolane sin del ville det vore betre om dei starta med å bremse ABE-reforma.

Domstolane har ei særstilling i vårt konstitusjonelle system. Dei korkje kan eller bør sidestillast med andre sektorar eller forvaltningsorgan i ein slik reform.

Her må omsynet til rettstryggleik og kvalitet kome først, og innsparingane må kome som eit resultat av omstilling og modernisering, ikkje motsett.

Forhandlingane om neste års statsbudsjett er no i gang. 14 millionar meir til domstolane bør vere lett å finne plass til.