Stortinget har bestemt at båttrafikken i verdsarvfjordane skal vere utsleppsfri frå 2026. Det er vedtak som forpliktar, og det er langt frå gratis.

Infrastruktur for utsleppsfrie fartøy må på plass.

Fartøy med elektrisk framdrift må ha lademoglegheiter. Fartøy som går på hydrogen må ha tilgang til det. Store cruisefartøy treng landstraum. Ingen ting av dette er på plass i dag. No hastar det.

Stortinget har behandla nullutsleppskravet to gongar. Før siste gongs behandling i fjor åtvara Sjøfartsdirektoratet om å halde fast på tidsfristen, og tilrådde at den vart utsett til 2030.

Direktoratet peika på at teknologien ikkje var på plass for dei store fartøya.

Eit stort fleirtal på Stortinget valde å ikkje lytte til åtvaringa.

Berre fire sommarsesongar står altså no att før infrastruktur og utsleppsfrie fartøy må vere på plass. Det kan halde hardt. I dag er det berre eit fåtal mindre fartøy som har slik teknologi på plass.

Mellom dei Kystruten ASA, nokre ekspedisjonsskip og truleg også Hurtigruten ASA sine fartøy.

Desse har likevel berre ein brøkdel av kapasiteten til dei som har Geiranger som destinasjon i dag. Resultatet kan bli eit bratt fall for turistbedrifter både i Geiranger og i regionen elles. Geiranger er framleis ein turistmagnet for heile regionen.

Modernisering og utskifting av cruiceflåten kjem, men det tek tid. Difor må alternative løysingar på plass. Det krev store investeringar.

Elektriske katamaranar må ha lademoglegheiter. Hydrogendrivne fartøy må fylle hydrogen.

I dag er ikkje noko av dette på plass. Linjekapasiteten til Geiranger og Hellesylt er for liten, og det manglar naudsynt infrastruktur på land.

Eit fleirtal i fylkesutvalet i Møre og Romsdal bestemte måndag seg for å be Stortinget om å bla opp nærare ein milliard til slike tiltak, som i tillegg til framføring av straum omfattar også kloakkbehandling frå skip og bilparkering fjellet i Geiranger sentrum.

Mest av alt hastar det å få opp linjekapasiteten til Hellesylt.

Normal tid til konsesjons-behandling for ei ny kraftline dit er berre ein av flaskehalsane. I tillegg kjem kostnadane til anna infrastruktur for el-fartøy eller hydrogenproduksjon.

Stortinget har vedteke nullutsleppskravet.

Verdsarvstatusen er eit ansvar nasjonen Norge har teke på seg.

At staten må ta rekninga for slike investeringar bør difor vere soleklart. Den rekninga er allereie forfalle.

Stiller ikkje staten opp no og hindrar nye forseinkingar, vil turistnæringa lide store tap.