Folkebiblioteka er viktige møteplassar i lokalsamfunna, som skal sikre ytringsfridom og demokrati. Derfor reagerer vi på at Ulstein bibliotek har sagt nei til folkemøte med stortingspolitikar Mímir Kristjánsson i regi av lokallaget Ulstein Raudt. Vi meiner dette er ei feil avgjerd, og den bør gjerast om.

Biblioteksjefen i Ulstein grunngir avslaget til Raudt med å vise til folkebiblioteklova der det står at biblioteka skal vere ein uavhengig møteplass. Ordet «uavhengig» blir tolka slik at det ikkje kan vere berre eitt politisk parti eller ei religiøs gruppe som kan stå bak arrangementet. Dette er ei tolking som blir delt av biblioteksjefar fleire stadar i landet. Sjef for Oslo-biblioteket Deichman, Knut Skansen, seier til Klassekampen, at ingen kan stige opp på ein talarstol i biblioteket for å forfekte sitt syn utan motstemmer.

Vi forstår behovet for motstemmer, men dei kan også kome frå publikum i salen. Dersom kravet om motstemmer på scena blir absolutt, kan mange organisasjonar bli ekskluderte frå ein arena som skal vere for alle. Det er ikkje alle som klarer å finne meiningsmotstandarar som vil stille som motdebattantar. Balanse og mangfald kan sikrast på andre måtar. Derfor er dette ein viktig prinsipiell debatt, som ikkje berre handlar om Ulstein.

Då formålsparagrafen til folkebiblioteka vart endra i 2013 vart det slått fast at folkebiblioteka skal vere ein uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt. I forarbeidet til lova vart det framheva at biblioteka pliktar å legge til rette for at ulike stemmer i den offentlege samtalen skal kunne bruke lokala til å fremje sine ytringar. Det gjeld også ytringar som kan bli opplevd som krenkande av andre. Det står også heilt tydeleg at: «Det skal ikke legge føringer på aktivitetene ved et folkebibliotek, eller innholdet i et folkebiblioteks program.»

Avslaget til Raudt i Ulstein viser at det er behov for ny gjennomgang av intensjonane i folkebiblioteklova, slik at ingen blir stengt ute på feil grunnlag. I Ulstein har Raudt fått tilbod om å låne kommunestyresalen, men dette handlar om meir enn praktiske løysingar. I ei tid der samfunnet blir stadig meir polarisert, kan biblioteka spele ei viktig rolle som samlingsstad for debatt og dialog.

Vi har noko å lære av filmregissør Deeyah Khan, som nyleg fekk Fritt Ords Pris for sine nyskapande dokumentarfilmar om ekstremisme. Ho meiner vi må bli flinkare til å lytte til kvarandre, også til dei vi er mest ueinige med, for å førebyggje polarisering og hat. Ved å prøve å forstå bakgrunnen for folks meiningar, kan vi vere med på å bygge bruer mellom menneske. Ho har møtt sine verste meiningsmotstandarar, som nynazistar og jihadistar, med empati og venlegheit, og skapt filmar som har bidratt til å endre haldningar.

Når det blir understreka at biblioteka skal vere opne og tilgjengelege for alle, så må det gjelde alle, som held seg innanfor norsk lov.