Straumprisen smadrar stadig nye rekordar. Vi har enno ikkje sett toppen. Inkassobransjen varslar kø av straumrekningar til inkasso.

Det hastar med fleire akutte krisetiltak.

Slike tiltak kan hjelpe dei som treng det mest, men løyser ikkje det fundamentale i energikrisa. I botnen av denne ligg ein stor og aukande ubalanse i energimarknaden.

Tysdag orienterte NVE-sjef Kjetil Lund olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) om situasjonen. Meldinga hans var klar.

Ingen ting tyder på at prisane vil falle.

Tvert om spår Lund at prisen vil ligge på eit høgt nivå gjennom vinteren, og at vi vil sjå straumprisar som ligg endå ein del høgre enn dei rekordnivåa vi ser i dag.

Norske straumkundar er ikkje åleine om å ha det slik. Heile Europa slit i dag under ei energikrise som skuldast ein uvanleg stor ubalanse i marknaden.

Prisen på gass, straum og drivstoff svir hardt for europeiske hushaldningar.

Energiprisen er ein viktig drivar til ein uvanleg høg inflasjon i mange land, og kan bidra til å bremse veksten i andre sektorar. Dei politiske konsekvensane kan også bli store.

Val i land som Frankrike kan få sin del av straumsjokket. Europeisk solidaritet kan også bli sett på prøve. Det er ikkje berre i Norge det pågår ein debatt om tiltak for å låse inn energiproduksjon bak eigne landegrenser.

Gass frå Russland er også ei brikke i eit geopolitisk spel.

Ingenting av dette vil få si løysing denne vinteren, sjølv om energiprisen sjølvsagt vil falle når våren melder seg.

Slik energimarknaden utviklar seg no, er det fare for både varig høgre straumpris og at krisevintrane kjem tettare enn før.

Problemet er små utsikter til ein rask vekst på tilbodssida i marknaden. Tvert om vil nedbygginga av kol- og atomkraft halde fram.

På same tid skyt elektrifiseringa av samfunnet fart. Så skal vi byggje hydrogenfabrikkar, datasenter, batterifabrikkar og elektrifisere både bilparken og sokkelen.

Sjølv i kraftnasjonen Norge vil vi få underskot på kraft, heilt uavhengig av krafteksporten. I eit vinterland der kvar femte husstand har straum som einaste oppvarmingskjelde, er det alvorleg.

No må vi få opp farta i utbygginga av ny energi. Vi kan ikkje berre håpe på milde og våte vintrar.

Slik vi styrer no er oppskrifta på ei krise.