Finansdebatten i Stortinget torsdag vil i uvanleg stor grad handle om den rekordhøge straumprisen. Til den bør regjeringspartia ha skaffa seg betre kort på handa.

Korta som er spelt ut til no, imponerer nemleg svært få.

Langt fleire treng langt meir hjelp for å unngå økonomiske problem i vinter. Slik akutthjelp må vere enkel, kjapt ute og vere lett å reversere. Å bruke berre ein liten del av det staten tener på denne straumkrisa, vil vere ei god hjelp.

Så langt er tre milliardar i redusert elavgift det mest kraftfulle grepet regjeringa har tatt for å redusere straumrekninga. I tillegg kjem meir målretta ordningar blant anna til husstandar som kvalifiserer til bustøtte.

Nålauget for det siste er trongt og gir hjelp til få. Elavgifta kostar staten mykje over eitt heilt år, men gir lite i folk sine lommebøker når dei treng det mest.

Husstandane og næringslivet går ein tøff vinter i møte. Fleire enn før vil kome i økonomiske problem.

På same tid vil staten kunne ta meir enn 10 milliard i utbyte berre frå Statkraft neste år. Av dette kjem over 2,3 milliardar av dei ekstraordinære inntektene no i haust.

Høge prisar gjennom vinteren gir også effekt på 2023-utbytet.

Dette er berre eitt døme på korleis energikrisa aukar stat og kommunar sine kraftinntekter. Gevinsten på høge gassprisar kjem på toppen av dette.

Ei slik inndraging av kjøpekraft er langt høgre enn den lova skatteletten til folk med vanlege inntekter. Fordi dette kjem over kort tid, gir det ein ekstra sjokkeffekt på økonomien i ei tid der koronasymptoma enno ikkje har sloppe taket.

Ei rask omfordeling av litt av desse inntektene er klokt både politisk og økonomisk.

Utfordringa er å finne ordningar som kan rullast ut og samstundes vere treffsikre. Det er motstridande omsyn som er vanskeleg å foreine.

Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) stadfesta i Debatten på NRK tysdag at regjeringa vurderer kontantbetaling til norske husstandar som krisehjelp.

Eit slikt krisetiltak har ei stor svakheit:

Den kan bety å kaste tusenlappar etter folk som ikkje treng slik hjelp. Ei kontantutbetaling er likevel meir omfordelande enn kuttet i elavgifta.

Fordelen med eit flatt kontantbidrag er at ein sparer tid og kostbar byråkratisk behovsprøving.

Akkurat no er det meir verdt enn millimeterpresisjon.

Regjeringa bør derfor gi ei kontantutbetaling til alle landets husstandar for desember, januar, februar og mars, slik at folk klarer den høge straumrekninga som garantert kjem denne vinteren.